Den 65 år gamle veteranferja MF Hardangerfjord forlet Sagvåg 1. februar. Foto: Leif Olav Jensen
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Veteranferja vart rett før helga sendt til opphugging.

I oktober i fjor skreiv Stord24 at veteranferja M/F «Hardangerfjord» frå 1953 skulle sendast til opphugging i Danmark, etter å ha lege til kai i Sagvåg i lengre tid.

Eldsjel Johan Brigsen frå Kvinnherad hadde brukt tusenvis av kroner på å setje ferja i stand for å bruke ho som turistbåt. Men til slutt måtte han altså gi opp.

– Det nærmar seg 900.000 kroner til saman. Alt av eiga lomme. Eg har ikkje fått fem øre frå riksantikvaren, trass i at det er uttalt at båten er verneverdig, sa Brigsen til Bergensavisen.

Men M/F «Hardangerfjord» vart ikkje sendt til opphugging i Danmark i fjor haust, slik som planen var. Først no er ferja frakta vekk frå Sagvåg, til verftet Green Yard AS i Kvinesdal.

– Som sikkert mange har lagt merke til blei ferja liggande i Sagvåg. Men fredag 1. februar forlet M/F Hardangerfjord Sagvåg og la ut på si aller siste reise. Den blei ikkje sendt til Danmark, men til miljøvenleg resirkulering i Kvinesdal, opplyser Leif Olav Jensen, som driv tauefirmaet Scandinavian Tug Service.

M/F Hardangerfjord ligg no fortøyd i sin siste hamn saman med eit anna fartøy som skal attvinnast hos Green Yard AS. Fotograf: Leif Olav Jensen
- Annonse -

Ferja vart slept sørover av den norske taubåten T/B Skrubben.

Før ferja vart frakta til Sagvåg låg ho på slipp i Dåfjorden. Her vart den sandblåst og malt utvendig, og blei ganske tiltalande ut frå utsida. Men på innsida av ferja vart lite gjort.

MF «Hardangerfjord» vart levert frå verft i Bergen i 1953, og har dekksplass til 30  personbilar.  I 1959  vart ho omdøypt  til «Vøringen» , og  segla  i diverse rutesamband  for HSD fram til 1983. Så hadde ferja eit lengre opphald i København, før Brigsen frakta ferja heim til Norge i 2011.

- Annonse -