Maleriet Forlenget Sommer av Ingrid Haukelidsæter.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Bileta til kunstnaren Ingrid Haukelidsæter inntek i dag Galleri Giga i Leirvik. Tema for kunsten er tida me no er inne i: «forlenget sommer».

Haukelidsæter er født i Stavanger, der ho også bur og arbeider i dag. Ho har bak seg ei rekkje utstillingar i inn og utland, i tillegg til utsmykkingar i ei rekkje offentlege bygg.

Tittelen  «Forlenget sommer» er også tittelen på eit av litografia som blir vist på utstillinga og beskriv tida me no går inn i, melder Galleri Giga i ei pressemelding.

– Vakker tid

– Det er ei vakker tid. Meir stille enn sjølve sommaren, kanskje også vemodig eller meir avklart, seier Haukelidsæter om tida me no er inne i.

Kunstnaren meiner årstida passar godt saman med det ho ønskjer å uttrykke med kunsten hennar.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Eg vert fascinert av dei kreftene som ligg i å gi og søkje tryggleik og fridom. Eg ønskjer å uttrykke intimitet, sårbarheit og livskraft.

Skal opplevast

– Eg er oppteken av at bileta mine skal opplevast, ikkje bli forstått. Det viser seg at me ofte leiter etter oss sjølv når me ser eit kunstverk. Av og til treff det noko i oss.

Utstillinga til Haukelidsæter opnar på Galleri Giga laurdag klokka 13, og kan sjåast heilt fram til 12. september.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -