- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Seks entreprenørar vil ha jobben med å bygge det nye krysset ved E39 nord for Rommetveit. 

Som kjent skal Førlandskrysset endeleg oppgraderast. Krysset består av ein fylkesveg på oversida av E39 og ein kommunal veg på den andre sida, som går ned mot Høgskulen.

– Størstedelen av jobben går ut på å bygge ein kulvert under E39. Denne er dimensjonert slik at lastebilar kan køyre under, fortel Øyvind Bratthammer i Vegvesenet til nettstaden Veier24.

Det skal også det byggast 180 meter med ny tilførselsveg, 250 meter nytt fortau og oppgradering av 200 meter eksisterande fortau.

I tillegg skal to busstopp bli oppgradert, og det skal byggast ein 275 kvadratmeter stor natursteinsmur knytt til krysset.

Planen er at krysset skal stå ferdig i juli neste år.

- Annonse -
- Annonse -

Av dei seks som har levert inn tilbod for jobben til anbodsfristen, finn me berre eitt lokalt selskap. Det er Engelsen Anlegg, som har levert det nest beste pristilbodet.

Dette er dei seks entreprenørane som kjemper om jobben, og prisen på tilbodet dei har gitt:

- Annonse -

Brødrene Flatebø:                 23.417.997

Engelsen Anlegg:                  23.516.011

Vasbakk & Stol:                    24.433.490

Contexo:                              24.861.970

Bertelsen & Garpestad:         28.049.097

VE Anlegg:                           37.031.237

- Annonse -