Bistandsadvokaten til kvinna som forklarte seg om overgrepa frå faren, Eirik Teigstad (t.v.). Her saman med politijurist Marte Engesli Lysaker og aktor Tore Kulstad. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

23-åringen som er fornærma i den svært alvorlege overgrepssaka, som starta på Stord dag, fortalde om mange og hyppige overgrep frå faren gjennom heile oppveksten.

Det er dottera som har vore råka av dei mest alvorlege skuldingane i tiltalen mot den 51 år gamle mannen.

I følgje tiltalen har han forgripe seg systematisk mot dottera. Overgrepa starta då ho var fire år, og har halde heilt fram til i fjor då ho hadde fylt 22.

Under vitneavhøyret på retten si første dag var familiefaren flytta til eit anna rom, og følgde dottera si forklaring via video.

Døropnar i fjor

I retten forklarte 23-åringen korleis ei barnevernssak der broren hennar var involvert våren 2017, var det som fekk snøballen til å rulle.

– Då hadde eg allereie tenkt å seie frå i ca. eitt år. Det var ein døropnar, forklarte kvinna.

- Annonse -
- Annonse -

Ho diskuterte saka med ei venninne og kom fram til at det no var på tide å opne seg om dei langvarige overgrepa. Kort tid seinare vart 51-åringen arrestert, og har no vore varetektsfengsla i over eit år.

Utvikla tidleg hat mot faren

I fotneforklaringa kalte kvinna faren konsekvent ved fornamn. Ho fortalte om at ho utvikla eit sterkt hat til han frå ho var 10-12 år.

– Fram til då var eg framleis glad i han og knytt til han, sjølv om han gjorde så mykje som ikkje var rett. Men så begynte eg å sjå for meg kven han var og kva han hadde gjort. Frå dette tidspunktet såg eg ikkje på han som faren min.

Likevel skulle overgrepa halde fram i mange år til. Kvinna fortalde at ho tok på seg ei maske for å skjule korleis ho eigentleg hadde det.

– Eg lata som eg var glad i han, berre for å gjere det lettare for meg sjølv, forklarte ho.

Motstand var nytteslaus

Ho fortalde i detljar om overgrepa, som i periodar skal ha skjedd dagleg. Dei skjedde som oftast i familieheimen, ofte på foreldra sitt soverom medan resten av familien var i huset.

- Annonse -

Å gjere motstand, skjønte kvinna fort var fånyttes.

– Eg motsa meg nesten kvar gong, og gav uttrykk for at eg ikkje ville. Men om eg gjorde for mykje motstand blei han valdeleg, så eg visste at det beste var å ikkje gjere for mykje motstand, for det kunne ha negative konsekvensar for meg sjølv.

I løpet av dei siste åra då overgrepa skjedde hadde kvinna flytta til utlandet. Ho fortalde om korleis faren ofte kom på besøk til ho, gjerne meir enn ein månad om gongen, og utførte svært valdelege overgrep.

– Då blei overgrepa verre, for det var ingen andre han trengte å forhalde seg til. I tillegg drakk han store mengder alkohol kvar einaste dag, og blei mykje meir aggressiv. Det var tøft å handtere.

Levd i fornekting

23-åringen fortalde at ho stort sett har klart å fungere i kvardagen, trass i det grusomme har vore utsett for.

– Det har gått veldig opp og ned, men stort sett har eg klart å takle det ganske bra. Det er fordi eg har undertrykt kjenslene mine og levd i fornekting.

– Men rett etter overgrepa har skjedd gjekk det veldig inn på meg. Eg har grått mykje og hatt det fælt og vondt, men så har eg klart å børsta det av meg. For eg har ikkje hatt noko val. Elles hadde eg ikkje klart meg i kvardagen.

Men ho fortalde at ho i ein periode, då ho begynte å bli vaksen, hadde det ekstra vanskeleg.

– Det var ein periode eg blei veldig deprimert og hadde det veldig tøft. Eg tenkte at det aldri ville ta slutt. For eg tenkte vel på framtida mi. Korleis i alle dagar kan eg leve eit normalt liv, få kjæraste og familie, dersom overgrepa skulle halde fram for alltid? Eg såg ikkje noko ende på det.

51-åringen avviste alle skuldingar frå dottera og resten av familien, som også er fornærma i overgrepssaka. Under innleiinga måtte dommaren gi ein korreks til mannen, som gjentekne gongar tok ordet då han ikkje skulle.

- Annonse -