Akhtar Chaudhry i Vestland SV er svært kritisk til løningane det er lagt opp til i nye Vestland fylkeskommune. Foto: Hordaland Fylkeskommune/privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det er lagt opp til at enkelte politikarar kan tene så mykje som ein stortingsrepresentant. Det får Akhtar Chaudhry (SV) til å reagere.

I samband med fylkesamanslåinga mellom Hordaland og Sogn og Fjordande er det lagt opp til større løningar enn det er i dag. Det skriv NRK Hordaland.

Fylkesordføraren skal ifølgje satsane få 1,3 millionar kroner i året, noko som svarer til ei statsrådsløn. I følgje statskanalen vil fleire andre politikarar også få ei årsløn på over ein million kroner.

Forslaget om lønssatsane skal opp i fellesnemnda torsdag 14. februar.

Stordabu og nestleiar i Vestland SV, Akhtar Chaudhry, reagerer sterkt på lønsnivået.

– Dette er eit godt døme på dårleg dømekraft!

- Annonse -
- Annonse -

– Eg har alltid meint at fritidspolitikarar bør få ei grei godtgjersle slik at dei har tid nok til å setje seg inn i saker og gjere ein skikkeleg jobb, og for å møte veljarane. Men eg og SV har ein klar politikk på at politiske verv ikkje er noko ein skal bli rik av, seier Chaudhry til Stord24.

- Annonse -

Han meiner lønsnivået som er føreslått, som grensar til kva stortingsrepresentantar får, er alt for mykje.

– Når toppolitikarar no ser ut til å belønne seg med stortingsløn, er det noko riv ruskande gale. Det viser stormannsgalskap og manglande dømekraft. Dette skjer samtidig med at byråkratiet skal slankast i dei nye fylka. Det rimer dårleg. Dette må stansast!

Fylkesordførar i Hordaland, Anne-Gine Hestetun, forsvarar løningane overfor NRK.

– Folk må ha ei anstendig løn for det arbeidet dei gjer, og ein må sikre at politikarane har tid til dei viktige oppgåvene som fylket skal gjennomføre, seier Hestetun.

- Annonse -