Ordførar Gaute Epland. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Stord-ordføraren har saman med Leirvik AS drøfta eit heilt nytt forslag for å gjere reisetida mot Kvinnherad kortare.

– Dette er neste kapittel for Kvinnherad–Stord-sambandet, seier fungerande ordførar i Kvinnherad, Hilde Enstad (Ap) til Kvinnheringen.

Avisa skriv tysdag kveld at Enstad skal saman med Stord-ordførar Gaute Epland (Ap) til Bergen og møte leiinga i Vestland fylkeskommune. Med på lasset kjem også representantar frå Leirvik AS.

Partane ønskjer å drøfte eit pilotprosjekt, som dei ønskjer skal vere ei mogleg løysing på den årelange diskusjonen om korleis å gjere sambandet mellom Stord og Kvinnherad meir effektivt.

– Dei ønskjer seg eit pilotprosjekt på aluminiumsbru mellom Huglo og Tysnes. På møtet skal me drøfte ei slik bru, samt ferjekai på Huglo, som kan bli Kvinnherad si påkopling til E39, seier Ersland til Kvinnheringen.

- Annonse -

Det er ikkje første gong at Leirvik AS er involvert i samferdselsprosjekt i regionen. Selskapet ser også på moglegheiter for å bygge bru over Langenuen i aluminium

- Annonse -
- Annonse -

Det er ikkje diskutert kvar ein eventuell ferjekai vil vere på Kvinnherad-sida, men den styrande koalisjonen i kommunen har sagt at dei vil ha ein ny gjennomgang av Sunde som ny ferjekai.

Prosjektutviklaren for moglegheitsstudien av Sunnfast i Kvinnherad kommune, Kjartan Thoresen, kjem til å bli med på møtet i Bergen.