Slik seg prosjektgruppa AMC for seg den bogeforma brua. Skisse: AMC
- Annonse -

– Prosjektet er grensesprengande, og har ført til at prosjekt som ein tidlegare ikkje trudde kunne gjennomførast, no blir utgreia.

To prosjektgrupper har sidan november 2018 jobba med korleis Bjørnafjorden best kan kryssast med flytebru.

– Begge gruppene har anbefalt ei boga flytebru, seier sjefingeniør i Statens vegvesen, Øyvind Kongsvik Nedrebø, som har leia arbeidet i ei pressemelding.

Dei har kome fram til at ein bogeforma flytebru vil vere den mest hensiktsmessig og kostnadsbesparande løysinga.

– Begge rådgivergruppene anbefalar den same varianten av flytebru. Dette er ei boga bru som haldast fast på kvar side av fjorden, som er utrusta med forankringspunkt til sjøbotn.

– Forankringsliner gir betydelege fordeler. Dei to gruppene har forslått litt ulike løysingar for forankringssystema og plassering av desse. Dette vil bli vurdert nærare i neste fase, seier Nedrebø.

- Annonse -
Slik ser prosjektgruppa OON for seg flytebrua. Skisse: OON

Fire variantar er utgreia av dei to prosjektgruppene, AMC og OON. Dei viktigaste kriteria for arbeidet har vore konstruksjonstryggleik, funksjonalitet, kostnad og estetikk.

– Prosjektet med flytebru over Bjørnafjorden er grensesprengande, og har vekt stor oppsikt i utlandet. Dette har ført til at prosjekt som ein tidlegare ikkje trudde kunne gjennomførast, no blir utgreia, seier prosjektleiar Svein Erik Jakobsen hos AMC.

– Dette er eit prosjekt som krev tverrfagleg og innovativ jobbing. Bruprosjektet blir lagt merke til i fagmiljø nasjonalt og internasjonalt, seier Kolbjørn Høyland, prosjektleiar i OON.

Nedrebø i Vegvesenet er glad for den eintydige konklusjonen.

– Med ein slik eintydig anbefaling frå sterke fagmiljø, har Statens vegvesen grunnlag for å kunne leggje fram eit meir presist kostnadsestimat for bru over Bjørnafjorden enn tidlegare. Vegvesenet vil komme tilbake til det i slutten av oktober, seier Nedrebø.

- Annonse -