Badevakt Gyrid Sæterbø framfor bassenget på Rimbareid. Arkivfoto: Kjetil Rydland.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Rådmannen i Fitjar legg opp til svært stram økonomistyring for å unngå eit rekneskap i minus.

På onsdag skal formannskapet i Fitjar gjera framlegg til vedtak for det reviderte budsjettet, før kommunestyret skal gjera endeleg vedtak seinare i juni.

Det opphavleg budsjettet hadde ein svært liten reserve; eit mindreforbruk på 575 000,-Administrasjonen legg no fram eit revidert budsjett utan reserve. Dette krev svært stram økonomistyring for å unngå eit rekneskap med meirforbruk.

Det har kome til nye, store behov også i år. Trass i ein ikkje ubetydeleg inntektsauke, ser ein ikkje moglegheita for å dekka desse med nye løyvingar. Sektorane må dekka deler av nye behov på eksisterande løyvingar. Kjem det nye større utfordringar til Fitjar i 2019, vil det resultera i meirforbruk.

For å skaffe ekstra inntekter føreslår rådmannen å auke eigedomsskatten med 1,5 millionar kroner.

Fitjar har lenge hatt svært høge utgifter knytt til helse- og omsorg og sosialhjelp sett i forhold til innbyggjartalet. Det er også dese postane som rådmannen ser nødt til å få store ekstraløyvingar.

- Annonse -

Rådmannen føreslår at helse og omsorg får auka løyving med 1,75 millionar og økonomisk sosialhjelp vert tilført 0,75 millionar.

For å hente inn noko av underskotet er det mellom anna føreslått å redusere 100.000 i løyvingar til kommuneadministrasjonen, og å stenge symjehallen. Sistnemnde vil gi ei innsparing på ein kvart million.

Men i hovudsak vil ein dekke inn meirforbruket ved å auke låneopptaket. Rådmannen føreslår å auke ramma for låneopptak til ordinære investeringar i 2019 med 8,85 mill., til 27,5 mill.

– Når administrasjonen har vurdert konkrete innsparingar i budsjettet har vi denne gangen prioritert å redusere i tenester som ikkje er lovpålagte, eller der vi kan oppfylla lovkravet sjølv ved redusert drift. Difor har både kultur- og næring fleire driftsreduksjonar, står det i sakspapira.

- Annonse -