Sunnhordland tingrett.
- Annonse -

Sunnhordland tingrett meiner det ikkje finst bevis for at føraren køyrde uforsvarleg då ein 18-åring omkom i ei trafikkulukke i Kvinnherad romjula 2017.

27. desember 2017 omkom 18 år gamle Jens Emil Tøkje Jacobsen frå Kvinnherad i ei trafikkulukke mellom Husnes og Sunde.

Føraren, som også var 18 år på ulukkestidspunktet, hamna på sjukehus med kritiske skader.

I førre veke måtte føraren møte i Sunnhordland tingrett over tre dagar. Han var tiltalt for brot på vegtrafikklova §31 for aktlaus køyring. Bakgrunnen for tiltalen er at ulukkesrapporten frå Statens Vegvesen har vurdert farten til å vere minst 72 km/t i 60-sona i forkant av ulukka.

Aktor la ned påstand om fengsel på 30 dagar på vilkår, og ein bot på 10.000 kroner.

20-åringen forklarte i retten at han ikkje hugsar noko frå hendinga, då han sjølv vart hardt skadd og medvitslaus i to veker etter ulukka.

- Annonse -

Retten skriv at det var svært glatt på vegbanen då ulukka skjedde. Det hadde begynt å hagle, og vegbanen var heilt kvit av «slush».

Når det held Statens Vegvesen sin rapport om at farten må ha vore 72 km/t på ulukkestidspunktet, vurderer retten at dette er sannsynleg, men at det ikkje er eit sikkert anslag.

– Hastigheita lar seg ikkje sikkert verifisere gjennom ein analyse av ulukka. Det føreligg difor rimeleg tvil knytt til kvifor bilen til tiltalte fekk skrens, og det kan ikkje utelukkat at tiltalte køyrde innanfor fartsgrensa, skriv Sunnhordland tingrett i dommen.

Eit vitne forklarte seg også i retten om at tiltalte ikkje køyrde spesielt fort på denne køyreturen.

20-åringen vert dermed frikjend.

- Annonse -