Foto: Google
- Annonse -

Det kan ta tre veker før ein får eit førebels svar frå RBO-avdelinga i Stord kommune. Det er for dårleg, meiner Kontrollutvalet.

Det var i mai-møtet til kontrollutvalet at svarpraksisen i Stord kommune vart gått gjennom. Der dei fleste einingar svarar i løpet av ei veke, så tek det mykje lenger tid å få svar dersom du sender eit brev til regulering, byggesak og oppmåling.

Ifølgje forvaltningslova har ein krav på eit snarast mogleg førebels svar dersom saka ikkje vil bli handsama innan rimeleg tid.

– Det var eit generelt inntrykk om at Stord kommune ikkje alltid sender førebels svar «i tide». På den bakgrunn ønskjer utvalet at rådmannen informerer om kommunen sin praksis på neste utvalsmøte, skriv kontrollutvalet.

No vil rådmannen lage eit notat i løpet av sommaren, der han vil kome med tiltak for å betre svartida.

 

- Annonse -