Foto: Kari Mendelev von Svanberg
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Sunnhordlendingane scorar stort sett bra i den nye, store folkehelseundersøkinga i Hordaland.

Hordaland fylkeskommune har gjennomført den største folkehelseundersøkinga nokon gong. 70.000 personar er blitt spurt om å vere med via SMS eller epost, med ein svarprosent på 40 prosent.

I resultatet av undersøkinga kjem innbyggjarane i Sunnhordland veldig bra ut samanlikna med dei andre regionane i fylket.

Røykjer minst

Sunnhordlendingen røyker minst. Berre 7,6 prosent av innbyggjarane i Sunnhordland røyker dagleg. I Bergen er det 9,1 prosent daglegrøyjarar, og 9,5 prosent i Midthordland, som tronar høgst.

Undersøkinga gir også svar på kor innbyggjarane har ein størst kjensle av tryggleik. I Sunnhordland opplyser 88,6 prosent at dei i stor grad kjenner seg trygge. Tilsvarande tal for Bergen, som er nedst på lista, er 84,4 prosent.

Stor misnøgde med offentleg transport

Men på eitt område skil innbyggjarane i Sunnhordland seg kraftig ut samanlikna med resten av fylket. Det gjeld kor nøgd ein er med det offentlege transporttilbodet. Berre 37 prosent svarar at dei har god tilgang til offentleg transport. Tilsvarande tal for alle dei andre regionane er rundt 50 prosent, med unntak av Bergen der heile 82 prosent er nøgd med kollektivtilbodet.

- Annonse -

– I Sunnhordland er det ein temmeleg låg del som rapporterar at dei har god tilgang til offentleg transport, står det i rapporten.

Samtidig har Sunnhordland saman med Voss/Hardanger færrast innbyggjarar med lang reiseveg til jobb/studie. Mindre enn ein femtedel av sunnhordlendingane må reise ove 20 kilometer for å kome på arbeid eller skule. Tilsvarande tal for regionane i nærleiken av Bergen er meir enn 40 prosent.

Eit anna felt der Sunnhordland kjem dårleg ut er når det gjeld einsemd. Det er i vår region at flest føler seg einsame i Hordaland. På den andre sida er det fleire i Sunnhordland som kjenner seg nøgd med livet enn i Bergen og regionane rundt.

- Annonse -