Håkon Frode Særsten var mottaksleiar nedlagte Litlabø Mottak. No er han nestleiar ved Stord mottakssenter på Heiane., og skal busetje nye flyktningar på Litlabø. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Mottaksleiar Håkon Frode Særsten fortel at motivasjonen blant bebuarane på Litlabø mottak har betra seg vesentleg sidan i vinter.

I rapportane som barnevernet og vaksenopplæringa nyleg har sendt til UDI, og som Stord24 omtala denne veka, teiknar det seg eit dystert bilete av korleis situasjonen har utvikla seg ved Litlabø mottak etter at svært mange fekk avslag på asylsøknaden.

Etter å ha lese saka har mottaksleiar Håkon Frode Særsten behov for å nyansere biletet.

– I vinter var det mange som fekk avslag. Då er det ikkje unaturleg at dei blir veldig lei seg. Det førte til at nokre av dei mista motivasjonen for å gå på skule, og for å drive med fritidsaktivitetar.

– Det var ein del av gutane som var endå meir lei seg enn kva godt var. Då opplevde me nokre tilfelle i perioden at me var redde for at dei var suicidale og skulle sjølvskade seg sjølv.

Ingen alvorlege hendingar

- Annonse -

Trass i dei dramatiske signala understreker Særsten at det aldri skjedde nokre alvorlege hendingar på mottaket. Dette er mykje takka vere det gode samarbeidet med politiet, påpeikar Særsten.

Politiet rykte ut ved fleire trugslar om sjølvskading, men dei var også ofte på vitjing berre for å bli kjend med bebuarane.

– Med hadde ein fantastisk god dialog med politiet. Då me var litt i tvil om dei meinte alvorleg med trugslar om sjølvskading så var me snar med å ta kontakt med politiet. Dei kjem ofte på besøk når dei er i området, det kan væra så ofte som ein gong i veka for å snakke med oss og gutane.

Vesentleg betring

Mottaksleiaren ønskjer å få fram at situasjonen har betra seg mykje sidan i vinter.

– Det me har gjort er å auke på med omsorg og kontakt. Me brukte mykje meir tid på samtalar med dei, og mykje meir tid på romma for å snakka om situasjonen i heimlandet. I dag ser me at motivasjonen deira er vesentleg betre enn i vinter.

Fleirtalet av ungdommane som bur på mottaket har no fått avslag på asylsøknadane, men mange av dei har anka saka si og venter på svar på denne.

Særsten ønskjer å vere tydeleg overfor lokalbefolkninga på Litlabø om at dei ikkje treng å bli uroa for utagering ved mottaket.

– Ingen fare for skuleelevar

– Me har veldig stort fokus på det som går på tryggleik. Me har eigne tilsette som jobbar med tryggleiken, og det er miljøarbeidarar på vakt 24 timar i døgeret. På dagtid når skuleelevar går forbi er det ingen fare, og vil me oppleve nokre episodar med utagering i framtida er me veldig tidleg ute med å få hjelp av politiet.

– Meiner du vaksenopplæringa og barnevernet overdriv i rapportane dei skreiv til UDI?

– Eg kan ikkje kommentere deira opplevingar. Men me er overraska over at nokre kjenner seg utrygge, for me har vekentleg kontakt med skulane. Skulle det vere ei utfordring vil me stille opp med ein gong.

Kjenner seg ikkje uttrygge

Rektoren ved Stord vaksenopplæring, Steinar Rosset, ønskjer også å nyansere opplysningane i rapporten han sjølv sendte  til UDI.

– Dette er ei uttale som eg har skrive med tanke på at det er UDI som er mottakar.  Eg fekk ein litt ekkel kjensle då eg såg overskrifta om at lærarar kjenner seg uttrygge, og eg har behov for å nyansere det litt. Det blei litt overdimensjonert og det er ikkje dette som er kvardagen vår.

– Eg skreiv at det har vore nokre kommentarar på dette punktet i løpet av vinteren, men det kan verke som at alle på vaksenopplæringa er redde for gutane på Litlabø. Det stemmer ikkje. Me har fått beskjed frå lærarane om at dette er fullstendig feil. Så me har konkludert med at alle lærarane kjenner seg trygge, og me er ikkje engstelege for at dei skal utagere.

Likeins med Særsten meiner rektoren at situasjonen har betra seg sidan i vinter.

– Det er ikkje til å stikke under ein stol at me hadde problem i vinter. Men no opplever eg at me har fått ein liten oppsving igjen.  Me har også delt gutane i forskjellige grupper slik at dei ikkje berre er i ei felles gruppe. Tilbakemeldingane frå lærarane er at dei er kjempeflinke og høflege.

Ingen beredskapsplan

Det var under diskusjonar om arbeidet med risikoanalyse for drifta ved skulen at spørsmålet om tryggleik kom opp. Rosset understreker at dei ikkje har hatt ei einaste hending med utagering på skulen. Trass i drøftingar om tryggleiken i vinter vedgår rektoren at skulen ikkje har noko beredskapsplan dersom noko slikt skulle skje.

– Me har ikkje kome fram til nokre konkret beredskap. Me har jobba med risikoanalyse i høve uønskte hendingar for den generelle drifta av Vaksenopplæringa i vinter og er i ferd med å lage oss ei handlingsplan. Den er under utarbeiding.

 

- Annonse -