FAMILIEBEDRIFT: Sunnhordland Fotklinikk har utvikla seg til å bli litt av ei familiebedrift, med mor og dotter i spissen. No skal dei flytte til større lokale saman med nyoppstarta Sees Hårstudio. (F.v.): Sveinar Mjelva, Sandra Mjelva, Marit Flåten Mjelva "Fota-Marit" og Cathrine Dyrdal. Foto: Vindblikk
- Annonse -

Sunnhordland Fotklinikk og Sees Hårstudio er på flyttefot. I mars tek dei over dei nye lokala i Borggata.

– Lokala er flotte og lyse, og har mange parkeringsplassar i nærleiken. Dette appellerte veldig til oss. Me har i utgangspunktet ein stor kundekrets, men vil jo alltid ha fleire. Eg trur det vil vere eit pluss å kome ned på bakkeplan, seier dagleg leiar Sandra Mjelva ved Sunnhordland Fotklinikk.

I mars flyttar fotklinikken frå dei noverande lokala sine i tredje etasje i Borggata 9, og inn på bakkeplan i Borggata 32 saman med Sees Hårstudio.

Målet er å bli meir synlege og på sikt kunne ekspandere drifta til frisørsalongen.

Har holdt på i 38 år

Sunnhordland Fotklinikk blei starta av Marit Flåten Mjelva i 1982, i Hagerupshuset, og har sidan utvikla seg til å bli eit selskap med mange faste kundar.

I 2016 blei klinikken omgjort til eit aksjeselskap, der dottera Sandra Mjelva vart tilsett som dagleg leiar. Dette er sjette gang klinikken flyttar på seg.

- Annonse -
Her blir det fotklinikk og frisørsalong. Dagleg leiar i Sunnhordland Eiendomsinvest, Svein Hatlevik, har dessutan søkt om løyve til å bygge studentleiligheitar i andre etasje. Foto: Google Maps

–  Det har blitt meir og meir populært å stelle beina. Folk har verkeleg fått augo opp for fotbehandling, og dette er jo kjempebra for vår del. Me har fulle lister og det er travelt kvar einaste dag, opplyser Mjelva.

Det er Sunnhordland Eiendomsinvest som eig lokala dei no skal flytte til, der Reisebyrået Stord tidlegare held til før dei flytta til Meierikvartalet.

Trakk seg frå helseparken

Fotklinikken skal ha felles resepsjon med den nyoppstarta frisørsalongen, Sees Hårstudio, som blei starta av broren Sveinar Mjelva og Cathrine Dyrdal for nøyaktig eitt år sidan.

Selskapa fekk tilbod om å vere med i storprosjektet Stord Helsepark, som etter planen skal stå ferdig innan våren 2021. Dette takka dei nei til.

– Det låg litt i korta, men etter litt fram og tilbake valde me å heller flytte inn i lokala til Sunnhordland Eiendomsinvest. Me følte rett og slett at dette var det rette for oss med tanke på lokalisering og størrelse, seier dagleg leiar ved fotklinikken, som informerer om at dei nye lokala er mykje større.