Heimlengselen vart for stor for Kristi Dale Breivik (26), som etablrerer seg som branningeniør på Stord i desse dagar. Foto: privat
- Annonse -

Branningeniør Kristi Dale Breivik startar opp Stord-avdelinga for det landsdekkjande brannrådgjevingsselskapet Firesafe.

Med to små ungar i bleiealder har 26-åringen vore i permisjon ein god stund. I mellomtida har ho flytta heim til Stord, nærare bestemt til Rommetveit.

Når ho no skal tilbake på jobb har ho fått ansvar for å byggja opp eit heilt ny avdeling på Stord av selskapet ho jobbar for.

– Det er saknet etter heimtraktane som drar meg heim. Eg trivst veldig godt på Stord, og er også i lag med ein stordabu.

Ny bransje på Stord

Stord-kontoret ho opprettar vil bli det første i sitt slag i regionen.

– Det er veldig kjekt å få lov til å prøva seg som brannrådgjevar her. Det er ingen andre som kun driv med brannrådgjeving i Sunnhordland, det er stort sett rådgjevarar frå Bergen og Haugesund som tek oppdraga i distriktet, fortel ho.

- Annonse -

– Var det du eller selskapet som tok initiativ til dette?

– Det var eg som flytta først, og då såg dei moglegheiter for å prøva seg på marknaden i Sunnhordland, seier stordabuen.

Håper på kollegaer etter kvart

Breivik utdanna seg som branningeniør i Haugesund i 2016. Etter det jobba ho eit år i Trondheim, før ho og sambuaren flytta til Bergen. No held ho på å ta master ved sidan av jobben.

– Kva gjer ein branningeniør?

– Me driv med alt innanfor brannsikring. Det kan vera å bistå privatpersonar som vil innreia loft, utføra brannprosjektering av alt frå store leilegheits- og kontorbygg til sjukehus, eller rådgiving ved ombygging av kjøpesenter. Me bistår og som brannvernleder og følgjer opp bygg i driftsfasen. Det er veldig breidt.

Firesafe er ein landsdekkjande totalleverandør innan brannsikring. Selskapet har hovudkontor i Lørenskog, utanfor Oslo, og eit stort rådgjevingskontor i Bergen. Førebels vil Breivik bli sitjande aleina i det nyoppretta kontoret i Kunnskapshuset i Leirvik, men ho håper ho etter kvart får kollegaer på Stord.

– Eg håper me klarar å etablera ei kundergruppe, sånn at me kan ekspandera her på Stord. Jo travlare det blir, jo betre, seier Breivik.