Dette svenske jagarflyet er blant hovudattraksjonane på Stord Airshow.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Som vanleg er det mykje å finne på i byen vår denne helga.

Laurdag brakar det laus på Sørstokken med storstilt flyoppvisning. Stord Airshow har i år mykje å by på for dei flyinteresserte. Her kan store og små betrakte fly og helikopter av ulike slag, både på bakken og i lufta.

Og ikkje minst eit spektakulært kappløp. Ronny Teigen frå Husnes kjem med sin Chevrolet Camaro Z28R med meir enn 1000 hestekrefter. Han vil konkurrere med flyet YAK-50 for å sjå kven som er raskast over flystripa.

Endringar i programmet

Stord24 skreiv om programmet for nokre månadar sidan. Sidan den gongen har det skjedd ein del endringar i programmet. Dakota Norway-flyet måtte medle avbod då flyet har fått motortrøbbel.

Det same måtte det svenske kampflyet Saab 37 Viggen. Men i staden sender svenskane ein to-seters versjon, i grønn kamuflasjefarge. Flyet er det einaste av sitt slag i operativ drift, og Stord Airshow blir først i verden til å få oppleve flyoppvisning med denne etter den vart pensjonert. I tillegg er to nye fly annonsert til programmet: oppvisingsflya Norseman og Piper Cub.

Arrangørane melder at parkeringa i hovudsak blir inne på flyplassområdet, og på lufthamna sine parkeringsplassar. Når desse er fylt opp er det satt opp fjernparkering på Sagvåg skule, med gratis busstransport til lufthamna. (Første buss går 11:00, og deretter kontinuerlig fram til ca 16:00). Det er i utgangspunktet ikkje tillatt å parkere langs flyplassvegen.

Hogheads har gitt ut ny singel, og feirar det med dobbelkonsert på Osvald.

Dobbel konsert med Tubesnakes

- Annonse -

Bluesrockarane i det lokale Stord-bandet Tubesnakes inviterer til blueshelg med konsertar på Osvald Pub både fredag og laurdag.

Det skal feirast at bandet sin siste single «Sixpence for the shoe» er tilgjengelig på alle digitale flater. Bandet spelar for tida inn neste langspelar og fleire nye låtar vert presentert. Ellers kan ein forventa eit repertoar som femnar om storleikar som BB king, Eric Clapton, Jimi Hendrix, Stevie Ray Vaughan, Muddy Waters, Freddie King og andre.

Bite og Hogheads

Det er fleire lokale band frå Stord som har konsert i helga. Bandet Bite speler på Sjøhuset laurdag.

I tillegg til Bite vil ein også få høyra bandet «Dead Ed» fra Bømlo. Vokalist i «Dead Ed» er Ingebjørg Andrea Vik, også kjent fra Idol og korslaget.

Du kan også få med deg heavy-bandet Hogheads som skal spele på Sagvågståvo Kafe & Heistårnet Pub.

– Me tar turen til Sagvåg og har med oss ei rad av klassiske hardrock og heavy metal-perler som du garantert vil dra kjensel på, skriv bandet.

Ein god del nytt materiale på repetoaret denne gangen også der -70 og -80 tallet er i fokus. Me satsar på god stemning og god party faktor som alltid i Sagvåg.

Klosterdag på Halsnøy

Søndag kan vere ein ypperleg dag å dra på tur til Halsnøy. Då vert nemleg klosterdagen arrangert på Halsnøy kloster.

Her vil det vere leik og aktivitetar for ungar, sommarutstilling med modist Kirsti Lande Moe frå Stord, og føredrag med tidlegare museumskonservator Tore Lande Moe.

Klokka 16 blir det utegudsteneste, og ein time seinare blir dagen avslutta med ein konsert med den populære duoen Fiflet/Hamre.

Sommarrevy

Elles er det mogleg å få med seg sommarrevyane både på Stord og Fitjar i helga.

Begge stadane vert revyen spelt både fredag og laurdag.

- Annonse -