Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det hadde ikkje vore mogleg å tenkje seg ein betre innviing av det nye flygelet enn Leif Ove Andsnes sine tonar av rein perfeksjonisme. 

Endeleg var dagen svært mange hadde venta på. Det nye Steinway-flygelet i kulturhuset fekk endeleg høve til å gi lyd frå seg.

Storsalen i kulturhuset hadde som kjend vore utseld i lang tid, og ein kunne ta og kjenne på forventninga blant det finkledde konsertpublikumet. Flygelfesten vart opna av ordførar Gaute Epland.

– Dette gir ein ny dimensjon til kulturlivet i heile Sunnhordland. Eg håper at me no i større grad vil trekkje nasjonale og internasjonale artistar til Stord, sa Epland.

Varierte innslag

Deretter venta ei variert rekkje med klassiske flygelkonsertar, akkompagnert med ballettdansarar frå Stord kulturskule, med dansaren Jorunn G. Whittaker i spissen.

- Annonse -
- Annonse -

Desse lokale pianistane synte til tider svært imponerande ferdigheiter. Spesielt bør det trekkjast fram ein imponerande duokonsert av Siv Kvalsvik og hennar tidlegare pianoelev Irene Simonsen.

Skal ein peika på noko, kan ein spørje seg om det verkeleg er naudsynt å bryte opp flygelkonsertane med teatralske verkemiddel og forsøk på morosame monologar i Ingrid Bjørnov-stil. Musikken hadde stått fint på eigne bein utan desse avbrytingane.

Rein perfeksjonisme

Andre delen av flygelfesten var verkeleg Leif Ove Andsnes sin time. Først saman med den imponerande operasongaren Mari Eriksmoen, og deretter solo.

- Annonse -

Og dei som tok turen i Stord kulturhus fredag kveld, fekk verkeleg kjenne på kroppen kvifor Andsnes er blant verdas største klassiske pianistar.

Sjå bilete frå konserten:

Du skjønar det ikkje om du har eit aldri så bra stereoanlegg, eller om du skulle sjå ein av konsertane hans på den beste HD-skjermen.

Det var tonar av rein perfeksjonisme som strøyma ut av det nystemte flygelet, som nesten slo lufta ut av deg. Det er umogleg å tenkje seg ein betre måte å innvie det flotte instrumentet på enn Leif Ove Andsnes sine svært imponerande tekniske ferdigheiter. Det dynamiske lydbildet gjer at ein verkeleg kjenner på kroppen kva som er forskjellen mellom eit flygel og eit vanleg piano.

– Fantastisk flygel

Og flygelet fekk dei beste skotsmål.

– Eg vil seie gratulerer til heile Stord og til flygelkomiteen. Dette flygelet var fantastisk å spele på, sa Andsnes.

Konsertpublikumet fekk fredag utan tvil ei konsertoppleving dei seint vil gløyme. Og det beste er: Leif Ove Andsnes kjem tilbake til Stord i april neste år, med Stavanger symfoniorkester med dirigent Eivind Gullberg Jensen. Fekk du ikkje med deg fredagens flygelfest, har du sjansen då.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -