Jakob Bjelland (Sp) og ordførar Gaute Epland (Ap) representerer to av dei fire partia som har blitt samde om neste års budsjett. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Å gjera som Frp og Framnes gjer, å gå mot alle forslag til innsparingstiltak som rådmannen føreslår er ikkje ein ansvarleg måte å styre ein kommune på.

Av: Gaute Epland (ordførar AP), Jakob Bjelland (varaordførar SP), Torbjørn Brosvik (gruppeleiar KrF), Nils Magne Blålid (gruppeleiar SV), Marit Tislevoll Odland (gruppeleiar AP)

Sigbjørn Framnes kritiserer i lesarinnlegg det vedtekne budsjettet i Stord kommune, og finn ikkje fnugg av effektivisering.

Anten skriv Framnes mot betre vitande, eller så har han ikkje sett seg inn i budsjettet. Allereie i rådmannen sitt framlegg ligg det inne effektivisering på mellom anna administrasjon, løn og økonomi, heimebaserte tenester og institusjonsdrifta.

Koalisjonen har i tillegg sett klare krav om effektivisering blant anna gjennom bruk av velferdsteknologi, i rådmannen sin sentraladministrasjon, på vaktmeistertenester og innafor kultursektoren.

Innafor skule og barnehage har Stortinget vedteke reformer som lærarnorm og krav til pedagogar i barnehagen som medfører at budsjettløyvinga aukar. Men diverre utan at regjeringa med Frp, Høgre og Venstre har følgt opp med å finansiera desse, slik at Stord kommune går om lag 7,5 million i minus takka vera regjeringa.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det er denne manglande finansieringa frå Frp og Høgre i regjering som diverre no må gå vidare til innbyggjarane på Stord i form av auka eigedomsskatt.

Å gjera som Frp og Framnes gjer, å gå mot alle forslag til innsparingstiltak som rådmannen føreslår – med unntak av at Frp ikkje ynskjer å setja i gong byggjing av ny ungdomsskule og fleirbrukshall i Sagvåg – og i staden tenkja på eit tal millionar og finna dei med å skriva effektivisering utan å vera konkret, er ikkje ein ansvarleg måte å styre ein kommune på.

Fleirtalspartia på Stord har vedteke eit realistisk budsjett med eit overskot på 27 millionar kroner, og me er glade for å framskunde oppstarten av ny ungdomsskule og fleirbrukshall i Sagvåg.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -