Dersom prosjekta i Osen (nedst til venstre) og Borggata Futurum (t.h.) blir realisert, vil det vere fire bygg i Leirvik sentrum på åtte etasjar eller meir. Skisse/foto: Heidi Eikremsvik/Stord24/Holmedal & Husum/Hamnetind/MAD Arkitekter
- Annonse -

SV-politikar Kjellbjørg Lunde meiner Leirvik sentrum er i ferd med å utvikle seg i feil retning.

Onsdag presenterte Borggata Futurum dei nye planane om den planlagde helseparken i Borggata. I siste versjon er det lagt opp til eit høghus på åtte etasjar. Frå kaiplan vil fasaden ruve ti etasjar.

Tilsvarande høghus er som kjent nyleg blitt bygd i Meierikvarteret og i Hamnetind-komplekset, og det er også luftige planar om høghus i Osen-kvartalet.

– Vil ikkje skape liv

Kjellbjørg Lunde i Stord SV. Foto: Kystsogevekene

Men kommunestyremedlem for SV, Kjellbjørg Lunde, let seg provosere over høghusplanane.

– Store og høge bygningskolossar i Borggata vil ikkje gi det ønska liv i denne delen av Leirvik, meiner no eg. Kunne me tenkt oss at andre småbyar, til dømes på Sørlandet, hade tillete slikt i sentrum av sine bymiljø? Aldri!

Lunde er kritisk til at politikarane allereie har sagt ja til to høghus i sentrum, og meiner det dermed blir vanskelegare å seie nei til andre utbyggarar.

- Annonse -

– Kommunestyret bestemte i førre regulering i sentrumsplanane kor høge husa skal vere. Etter eit halvt år fråveik dei sitt eige vedtak fordi dei som skisserte Hamnetind og Meierikvarteret ville ha det høgare. Det gjekk SV i mot, men eit stort fleirtal gav løyve til å bygge i høgda.

– Kvifor er de skeptiske til å bygge i høgda?

– Me er skeptiske fordi me veit utifrå erfaring og frå fagfolk som har å gjere med byutvikling, at viss du slepp noko laus når det gjeld høgda, så har det ein smitteeffekt. Då må andre også få lov. Så seier ein gjerne at ein treng fleire høghus for å skape samanheng i dette.

– Då endrar ein karakteren til Leirvik ganske fort. Det er det som held på å skje no, seier Lunde.

Komplekset vil ruve godt i bybiletet. Teikning: MAD arkitekter

Mini-Manhattan på Vikjo

Lunde meiner Stord ikkje er ein stor nok stad for at det er naturleg å smykke seg med høghus i sentrum.

– Eg er ikkje i mot høge hus. Eg har vore i mange store millionbyar det passar med høghus. Men dette har me ikkje behov for på Vikjo. Fleirtalet synest det er stas å bli by og sjå ut som eit mini-Manhattan, men det synest ikkje eg. Det er jålete og heilt unødvendig.

– Men er det ikkje miljøvenleg å bygge tettare?

– Det er rett og slett slik at me er ein liten prikk på kartet her på Stord. Det er ingenting som tilseier at det blir ein voldsom folkevekst dei næraste åra. Me har nok areal utan å bygge veldig høge hus, seier Lunde.

Inga Lothe i Stord Høgre er positiv til høghusplanane. Foto: privat

– Positive til utviklinga

Medlem av forvaltningsstyret for Høgre, Inga Lothe, er ikkje samd med SV-politikaren i at det er feil å bygge fleire høghus i byen.

– I utgangspunktet er me positive til den utviklinga det vert lagt opp til. Eg synest planane i Borggata verkar veldig spennande. Det må sjølvsagt vere ein heilskapleg tanke om dette, og då kjem me inn på kommuneplanane. Men i utgangspunktet synest me det er veldig kjekt med folk som ønskjer å utvikle sentrumskjerna vidare.

– Kva tenkjer du om Lunde sitt argument om at det er jålete med mange høghus for ein småby som Stord?

– Me er store nok til det me vil vere store nok til. Det er ingen som går i gang med denne type prosjekt utan at dei har ein planlagt aktivitet. Sånn som Leirvik framstår i dag er det veldig lite aktivitet, og bygningsmassen framstår ikkje akkurat som moderne og godt vedlikehaldt. Så dette er eg positiv til, seier Lunde.

Utdatert sentrumsplan

Einingsleiar i regulering, byggesak og oppmåling i Stord kommune, Anne Randi Naurstad, seier Borggata Futurum har bestilt førehandskonferanse i neste veke.

Ho viser til at det er ei utfordring at gjeldande kommunedelplan for Leirvik sentrum er utdatert, og at den nye planen ligg i det blå grunna plansituasjonen i kommunen.

– I høgdekrava i kommunedelplanen for Leirvik står det at bygg i desse områda i sentrum skal ha makshøgde på 19 meter, som svarar til ca. fem etasjar. Men no er ikkje denne kommunedelplanen heilt styrande, men meir retningsgjevande, seier Naurstad.

Nasjonalt mål å bygge tettare

Ho trur det vil utløyse krav om reguleringsplan å bygge åtte etasjar i Borggata.

– Me skal ha førehandskonferanse i neste veke. Det dei har søkt om førehandskonferanse om er ikkje det som er vist i avisa.

– Det vart laga reguleringsplan for både Meierikvarteret og Hamnetind. Når dei vil opp i høgda må jo konsekvensane utgreiast her, med tanke på siktsoner og andre konsekvensar det får for sentrum. Du kan ikkje berre seie ja.

Likevel understreker Naurstad at det er eit nasjonalt mål å bygge tettare.

– Me er jo ein by, og det er nasjonale føringar på at det skal vere fortetting og betre utnytting ved å bygge i høgda.

- Annonse -