Høgskulen på Vestlandet, campus Stord. Foto: HVL
- Annonse -

Fleire vil vidareutdanne seg og studere på deltid, viser opptakstala for i år. Særleg vil lærarar ta mastergrad eller vidareutdanning.

Pressemelding frå Høgskulen på Vestlandet.

– Utdanning skal vere tilgjengeleg for alle, også for dei som bur på stadar der det ikkje finst eit studietilbod, og for dei som er i jobb. Derfor er dei nettbaserte, samlingsbaserte og fleksible deltidsutdanningane ved HVL viktige, seier prorektor for utdanning ved HVL, Bjørg Kristin Selvik.

Endringane i arbeidslivet skjer fort, og nye krav til kompetanse betyr at fleire ønsker å vidareutdanne seg og å studere mens dei er i arbeid. Derfor ser HVL no ein auke i søkinga på deltidsstudium gjennom Samordna opptak. Tendensen er den same for det lokale opptaket til mastergradprogram, vidareutdanningar og samlingsbaserte mastergradar.

Populært med mastergradar og vidareutdanning

Eitt av dei mest populære studietilboda ved campus Stord er master i IKT i læring, som studentar kan ta både på heiltid og deltid. IKT i læring er eit tverrfagleg masterstudium for pedagogar og lærarar. HVL er ein av få institusjonar i landet som tilbyr eit slikt studium. 158 personar søkte seg til denne mastergraden.

– Alle lærarar som blir ferdigutdanna i 2022 kjem til å ha master, sidan lærarutdanninga er blitt femårig. Derfor vil kanskje dei som allereie er ferdigutdanna tenke at det er lurt å ta master med ein gong. I tillegg er det stort behov for arbeidskraft med pedagogisk IKT-kompetanse ute i kommunane, seier Selvik.

- Annonse -

Vidareutdanning i spesialpedagogikk går også bra på Stord, med 94 søkarar til spesialisering i problemåtferd og 84 som ønsker spesialisering i generelle lærevanskar.

God rekruttering til sjukepleie

På landsbasis har sjukepleiarutdanninga færre søkarar i år. Dette har truleg samanheng med eit nytt og strengare karakterkrav. På Stord er det likevel god rekruttering av sjukepleiarstudentar, med over 141 på venteliste.

– Det er gledeleg at interessa for helsefaga framleis er så høg. Dette er yrkesgrupper som det er stort behov for. Vi skulle gjerne sett betre kjønnsbalanse, og håpar at fleire menn vil søke framover, seier Selvik.

Vil mangle lærarar i framtida

I tråd med den nasjonale nedgangen, søker færre personar seg til grunnskulelærarutdanninga (GLU 1-7), også på Stord. Gjennom åra har det vore vanskeleg å rekruttere lærarstudentar til dei yngste årstrinna, særleg etter at krav om fire i matematikk blei innført. Søkartala for dei eldre årstrinna (GLU 5-10) er noko betre.

– At ikkje fleire vil bli lærarar for dei yngste skulebarna, er ei stor utfordring i samfunnet. Vi veit at det blir eit behov for grunnskulelærarar i framtida, dersom ikkje fleire søker – ikkje minst fordi lærartettleiken i småskulen skal opp, seier Selvik.

Når det gjeld barnehagelærarutdanninga, er det derimot gode søkartal på Stord. Her ønsker 79 førstevalssøkarar plass på studiet, og studiet har venteliste.

Ledige studieplassar

Campus Stord har ein nedgang i tal søkarar samanlikna med 2018. I stor grad skuldast dette færre søkarar til sjukepleiestudiet og til grunnskulelærarutdanninga. Totalt er det 220 færre som har søkt seg til sjukepleiestudiet, men det er likevel gode tal og solid venteliste.

Over heile landet har søkarmassen gått ned mellom to og tre prosent for bachelorutdanningar og femårige mastergradar, viser tala etter søknadsfristen til Samordna opptak i april. Dette skjer etter fleire år med oppgang, og det er framleis gode søkartal til høgare utdanning. Nedgangen i år gjeld også for HVL.

– Sjølv om vi har mange søkarar, er det enno mogleg å bli student hos oss. Du kan søke på ledige studieplassar og enkeltemne på hvl.no og gjennom Samordna opptak allereie no, seier Selvik.

- Annonse -