Illustrasjonsfoto: Wikimedia Commons
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det har vore ein hektisk natt og morgon for Stord brann og redning grunna dei store nedbørsmengdene.

Fleire bustadar er blitt oversvømt av vatn, grunna det heftige regnet som var i natt.

4-5 oppdrag

– Det er vassinntrengningar i fleire kjellarar. Me har vel fått ein 4-5 oppdrag som me held på med nett no, seier Leif Rune Vad i Stord brann og redning.

– Hos eit par av husa er det snakk om mykje vatn.

I eitt av tilfella hadde vatnet rent ned trappa til ein kjellar, og sluket skal ha tetta seg slik at vantnet rann inn døra. I eit anna hus hadde dei tre pumpar på i kjellaren, men klarte likevel ikkje å halde unna vatnet, opplyser brannvesenet.

Han seier alle husa som har fått vasskader er på ulike område i byen, og gjeld både nye og gamle hus.

- Annonse -

– Det er ikkje noko spesielt område, det er både her og der.

Vad reknar med det vil bli fleire meldingar om vasskader utover morgonen.

Grus rast ut i vegbanen

Politiet melder også at grus og småstein har rast ut i vegbanen ved Nedre Kyvik onsdag morgon. I tillegg er det meldt om ein del vatn i vegbanen i nærleiken av Høgskulen.

– Patrulje er sendt mot staden i påvente av entreprenør. Det var ein del masse under asfalten som hadde rent vekk. Eg har ikkje høyrt at vegen var stengt som følgje av dette, seier operasjonsleiar Victor Jensen i Sørvest politidistrikt.

Politiet har ikkje hatt andre oppdrag på Stord i natt eller i dag tidleg.

- Annonse -