Det var stappfullt i Utbygdo grendahus i går. Foto: privat
- Annonse -

I går var det feiring i samband med at det er 20 år sidan mottaket på Heiane vart starta. Under festen melde mottaksleiar Glenn Kringlebotten melde at han går av som leiar neste månad.

Utbygda Grendehuset var fredag overfylt med festglade vener, samarbeidspartnarar, tidlegare tilsette og dagens bebuarar på mottaket på Heiane. Dei var samla til feiring av at det er 20 år sidan Stord Mottakssenter vart opna.

God mat og drikke til gjestane. Foto: privat

Mellom 250 og 300 gjester møtte opp og fekk servert mykje god underhaldning, smakfull mat og fin musikk.

– Verdig feiring

– Fleire av bebuarane haldt tale for forsamlinga og barnegruppa gav oss ein fantastisk minikonsert til glede for alle og for dei stolte foreldra. Dette var ein verdig feiring som vartei fire intense timar med musikk og dans, melder Håkon Frode Særsten i ein epost til Stord24. timer med musikk og dans.

Dei lokale musikarane Nils Eivind Horneland og Ian Kolstad sto for underhaldninga på festen.

Ordfører Gaute Epland (Ap) haldt jubileumstalen og fremheva at i dei 20 åra som det har vore asylmottak på Heiane og på Litlabø har det vore ein berikelse for byen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -
Mottaksleiar Glenn Kringlebotten. Foto: Privat

Epland la vekt på at kommunen har opp gjennom åra fått mykje positiv erfaring med den internasjonaliseringa som føregått i Stord-samfunnet i denne perioden.

Går av som mottaksleiar

Mottaksleiar Glenn Kringlebotten gav ein takk til alle frivillige organisasjonar i kommunen, og andre offentleg institusjonar, for eit godt samarbeid.

Kringleboten takka i talen sin alle organisasjoner kommunen og andre offentlige institusjoner for et godt samarbeid. Han fortalte også at han vil gå av som mottaksleiar i slutten av denne månaden.