Influensasesongen er sterkare enn vanleg i år. Illustrasjonsfoto: xandroid/Flickr (CC-lisens)
- Annonse -

Tal frå Folkehelseinstituttet viser at årets influensasesongen er hissigare enn vanleg. Tilhøva på Stord er ikkje eit unntak.

– Legekontora melder dette året om ein høgare pågang av influensasjuke enn dei to siste sesongane, og folk er sjukare enn året før, stadfestar kommunelege Lars Helge Sørheim i ein e-post til Stord24.

Ifølgje kommunelegen har nye tilfelle av influensaliknande sjukdom på Stord auka tydeleg dei siste vekene. Mange er rett og slett sjuke.

Høge tal i Hordaland

Dette stemmer godt overeins med tala på landsbasis.

Overvakingsrapporten av Folkehelseinstituttet frå veke 7 viser at førekomsten av influensa grenser mot eit høgt nivå. Mange influensasjuke er forventa i vekene framover, og talet på influensapositive ligg over toppnivået frå førre sesong.

Rapporten opplyser vidare at Hordaland er blant fylka med spesielt høge tal, på lik linje med Rogaland, Vest-Agder, Vestfold, Buskerud, Akershus og Oslo.

- Annonse -

Kommunelegen har likevel tru på at pågangen vil flate ut over tid.

– Talet på nye smitta for kvar veke må me rekne med «flatar ut». Det vil likevel truleg liggje på eit høgt nivå eit par veker framover, opplyser Sørheim.

Parallelt med dette har det vore ei positiv endring i talet på vaksinering blant risikogruppene.

Fleire tar vaksine

Helsesøstrene på Stord har sett om lag 300 fleire vaksinar enn førre sesong, og totalt er det snakk om nærmare 1800 dosar.

Samanlikna med resten av landet er dette bra vaksinasjonsdekning for Stord sin del. Kommunelegen påpeiker likevel at dei ikkje når ut til alle.

– Truleg rekk me berre kring 50 prosent av dei som bør ta vaksine, seier Sørheim.

Han minner om at det framleis ikkje er for seint å vaksinere seg for dette året, dersom ein er i risikogruppene.

– Vaksinen treff ikkje alle influensavirus som sirkulerer dette året, men gjev eit viktig vern for personar som høyrer til risikogruppene.

- Annonse -