Terje Børtveit er godt nøgd med fjorårets omsetnad på Heiane Storsenter. Foto: Citycon/Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Heiane Storsenter fekk eit betre år enn forventa. I 2017 omsette dei for nærare ti millionar kroner meir enn i 2016.

Senterleiar, Terje Børtveit, seier seg godt nøgd med tala for fjoråret. Senteret omsette for 481 millionar kroner kroner i året som var, ei auke på nær 10 millionar frå 2016.

– I 2017 hadde me som mål å nå dei same tala som året før. Ei auke i omsetnaden på to prosent er difor veldig bra, opplyser Børtveit til Stord24.

Går i pluss

Berre i desember hadde senteret ei auke på 7,5 prosent samanlikna med året før. Desse tala inkluderer ikkje berre butikkane som har inngang direkte i senteret, men også Jysk, Elkjøp, Skeidar og andre leigetakarar i bygget.

Terje Børtveit. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Senterleiaren opplyser at auken er mindre no enn før, men at omsetnaden har auka kvart år sidan oppstart i 2008. Han er usikker på i kva grad oppgangstidene på Kværner og nedgangen i arbeidsløyse har påverka omsetnaden.

– Det ser eigentleg bra ut over heile linja. Alle bransjar går i pluss, seier han.

- Annonse -

Stabilt handlemønster

I motsetnad til Heiane storsenter, har det ikkje vore noko vekst på Amfi-senteret på Leirvik. Omsetnaden hamna på 410 millionar kroner, ned frå 413 millionar kroner i 2016. Handlemønsteret har vist seg å vera stabilt trass i nedlegginga av leiketøysbutikken tidleg i desember og at kafeen i 2. etasje har vore stengt store deler av året.

I desember omsette Amfi for omlag 60 millionar kroner, noko som gjer at julehandelen var større på Amfi-senteret enn på Heiane Storsenter.

Senterleiar for Amfi, Hans Martin Haavik, har tru på at etableringa av den nye Coop Extra vil ha ei positiv effekt for senteret. Frå 15. januar blir det dessutan éin time gratis parkering på senteret.

Korkje Børtveit eller Haavik trur parkeringsavgifta på Amfi påverkar kor folk vel å leggje handleturen.

– Eg håpar folk på Stord tek i bruk begge sentera. Me er to forskjellige senter og Amfi har blitt veldig flott, seier Børtveit.

Størst i Sunnhordland

Husnes Storsenter har lenge vore det største kjøpesenteret i Sunnhordland målt i omsetnad. Men no har kjøpesenteret på Heiane gått forbi.

Husnes Storsenter har nemleg opplevd ein stor nedgang etter at Rema 1000 flytta ut frå senteret, og enda opp med ein omsetnad på 473 millionar, ein nedgang på heile 11,7 prosent frå 2016.

Bømlo Storsenter kan derimot vise til ein kraftig vekst i omsetnaden på heile 28,8 prosent, og enda opp med ei omsetnad på 273 millionar kroner i 2017.

- Annonse -