Foto: Bømlo brann og redning
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Dette er ikkje noko kjekt, seier leiaren i Urangsvåg båtlag.

Torsdag morgon 5.30-tida fekk politiet melding om at det oppsto brann i 4-5 fritidsbåtar som låg til kai ved Klenevågen, nordvest på Bømlo.

Politiet fekk raskt kontroll på brannen, som også hadde spreidd seg til kaianlegget. Det var ikkje fare for at brannen skulle spre seg til bygningar.

6-7 båtar vart ståande heilt eller delvis under vatn som følgje av brannane. I tillegg er to andre båtar blitt skada.

Foto: Bømlo brann og redning

Det er ingenting som tyder på at det har vore folk om bord i nokre av båtane, melder politiet.

Brannvesenet har lagt ut lenser for å hindre utslepp frå de brannskadde båtane, skriv NRK.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det er Urangsvåg båtlag som held til i båthamna. Leiaren i båtlaget, Kjell Magne Røsvik, seier til Bergens Tidende at han er frustrert over det som har skjedd.

– Dette er ikkje noko kjekt. Det er iall fall seks båtar som er gått ned og ein som har fått store skader. Det er også store skader på bryggeanlegget, seier han.

Det er totalt 75 båtar som ligg til kai i båthamna.

Foto: Bømlo brann og redning

- Annonse -