Haukelivegen er blant fjellovergangane som er stengt. Webcamera: Statens Vegvesen
- Annonse -

Kraftig vind og nedbør over Sør-Noreg medfører at ei rekke fjellovergangar er stengde, mellom anna riksveg 7 over Hardangervidda.

Også E134 over Haukelifjell er stengd på grunn av uvêret.

Det er venta kraftige vindkast i området. Vinden er venta å auke frå måndag ettermiddag av, og meteorologane har sendt ut gult farevarsel. Strekninga blir sannsynlegvis ikkje opna att i dag, ifølgje Vegvesenet.

Også riksveg 13 over Vikafjellet stengt, og det vil bli gjort ei ny vurdering klokka 10.

Fylkesveg 27 over Venabygdsfjellet og fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland er òg stengde. Sistnemnde strekning blir verande stengd ut måndag.