- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Brannvesenet har kontroll på hytta som byrja å brenne på Rubbestadneset søndag kveld, men brannen har spreidt seg til vegetasjonen.

SISTE: Klokka 20.40 melder politiet at brannen er under kontroll og at dei om lag 30 evakuerte har fått dratt tilbake til hyttene sine.

Kvart over fem søndag ettermiddag meldte politiet om at alle naudetatane rykka ut til ein hyttebrann i Agasøstervegen på Rubbestadneset på Bømlo.

– Hytta var då overtent, meldte politiet.

Det vart fort avklart at det ikkje var folk i hytta. På grunn av ein gassbehaldar i nærleiken fekk ikkje nokon gå nærmare enn 100 meter frå den brennande hytta.

Ein time seinare kom meldinga om at brannvesenet har kontroll på hyttebrannen. Men sterk vind har gjort at det også byrja å brenne i vegetasjonen på austsida av hytta.

- Annonse -
- Annonse -

– Dette gjer at me no evakuerer alle bebuarar aust på øya. Me veit førebels ikkje kor mange dette gjeld, melder Sørvest politidistrikt.

Klokka 18.30 melder 110-sentralen at dei får hjelp frå eit helikopter for å få kontroll på brannen i vegetasjonen.

– Me har bedt om bistand frå skogbrannhelikopter i samband med brannen. Sivilforsvaret er også spurt om dei kan bistå. Me har framleis ikkje kontroll på brannen, skriv sentralen.

- Annonse -

Likefør klokka 19 melder politiet at brannvesenet byrjar å få oversikt over brannen.

– Det er framleis for tidleg å seie at dei har kontroll, men det går truleg rett vei, skriv politiet.

Dei opplyser at ca. 30 personar er blitt evakuerte til ein kai aust på Rubbestadneset.

Ambulansepersonell har teke hand om tre personar som har pusta inn mykje røyk.

Bømlo-Nytt skriv at det skal vere straumstans i eit avgrensa område som følgje av brannen.

Saka vert oppdatert.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -