Bussane i rute frå nord på øya og ned til Rommetveit, kan ikkje nytte seg av stoppet ved Førlandskrysset. Foto: Amalie Sydnes/Stord24
- Annonse -

Innspel i frå kundar gjer at Skyss har betra rutetidene i frå Litlabø.

Fleire har latt seg frustrere over kollektiv-tilbodet på Stord. Transportbehovet har endra seg med tida og fleire ynskjer å nytta seg av buss-tilboda. Særleg i områder som Litlabø har dei lokale fått oppleve at det er for få avgangar.

Tidlegare har det ikkje vore nokon avgangar frå Litlabø til Leirvik mellom kl 08.05-11.45. Dette har gjort det vanskeleg for blant anna bebuarar utan bil å kome seg til sentrum.

Fleire kundar har sendt inn klagar og innspel til endringar. Skyss har høyrt på innspela og har no betra tilbodet.

– Kvar haust oppdaterer me alle rutetidene. Dersom me ser det er eit behov for fleire avgangar justerer me det. Me ser at det er eit behov for det ved Litlabø, fortel Ingrid Dreyer, pressekontakt i Skyss.

– Me har no endra traseen på linje 673. Turen klokka 09.35 frå Vikanes går no via Litlabø i staden for Sagvåg. Reisande i frå Sagvåg har eit alternativ med linje 671, sjølv om denne går litt før. Endringa er gjort etter innspel i frå kundar, fortel Dreyer.

- Annonse -
- Annonse -