Rådmann Atle Tornes blei takka av i kommunestyret i Fitjar i dag, og vil gi stafettpinnen over til Olaug Haugen. Foto: Harald Johan Sandvik
- Annonse -

Atle Tornes overrekte kommunen sitt stempel til Olaug Haugen.

Av: Harald Johan Sandvik, Fitjarposten

Ved innleiinga av kommunestyremøtet i dag, markerte ordførar Wenche Tislevoll at dette er det siste politiske møtet rådmann Atle Tornes er med på. Difor er dette er ein veldig spesiell dag, sa ordføraren. Avgangen til rådmannen vert markert med ei samling med middag på Fitjar Fjordhotell i kveld. Der får han høgtideleg takk for si lange og gode teneste i kommunen.

Atle Tornes tok til i jobben 1. januar 2004, og har vore sjef i godt over 14 år.

Tornes tok ordet på slutten av kommunestyremøtet. Det har vore mange år og mange møte, sa han. Det har vore mellom 85 og 90 kommunestyremøte, og han har vore på alle.

- Annonse -

Han har bakgrunn i rederibransjen, og der er flaggskifte ei symbolsk handling. I dag var det flaggskifte i kommunen, og han ville ynskja den nye rådmannen, Olaug Haugen, velkomen. Han overrekte henne kommunen sitt stempel, som eit symbol på både skifte av rådmann og overføring av mynde.

- Annonse -
- Annonse -

Etter utdanning som siviløkonom  og med juridisk embetseksamen, hadde  Atle Tornes mellom anna stillingar hos Fiskeridirektoratet og Statens Pristilsyn,  før han vart viseadministrerande direktør i HSD og seinare direktør i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Der var han til vart rådmann i Fitjar.

Med den bakgrunnen var det ein kunnskapsrik og erfaren mann som kom til Fitjar kommune i 2004. Atle Tornes har vore ein svært god rådmann, og han har ein stor del av æra for at kommunen står så sterkt som den gjer i dag.

Ordførar Wenche Tislevoll (H) takka av rådmannen. Foto: Harald Johan Sandvik

- Annonse -