Ordførar Gaute Epland. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Slik er reaksjonane på tildelinga av Hywind-kontrakten til Kværner Stord.

– Kværner Stord skal vere bygge verdas største flytande havvindmøllepark, Hywind Tampen. Dette er fantastiske nyhende, skriv ordførar Gaute Epland.

Jubelen let ikkje vente på seg etter at det torsdag morgon vart kjent at Kværner er tildelt kontrakt med Equinor på 1,5 milliardar kroner for bygging av flytande havvindmøller.

– Ein ny milestein i Kværner si imponerande 100 år lange historie. Og eit klart bevis på at leverandørindustrien er ein viktig del av løysinga på klimautfordringa.

– Flagget er reist på rådhuset. Gratulera så mykje!

Kommunikasjonssjef i Kværner, Odd Naustdal, seier Hywind-kontrakten berre er starten for havvindsatsinga til selskapet.

- Annonse -

– Gjennom 100 år har hjørnesteinen på Stord gått frå sildolje, via båtar og til olje- og gassinstallasjonar. Olje og gass vil framleis vere viktig, men med Hywind Tampen er me for alvor i gong også på vindmarknaden. Og dette er bare byrjinga!

Saka vert oppdatert med fleire reaksjonar på kontrakten.