Dei to avskilta bilane står no ulovleg parkert på Fitjar. Foto: Kjetil Rydland
- Annonse -

Bileigaren var snar med å fjerne to avskilta bilar frå Vabakken etter kritikk i lokalmedia. Men no er problemet flytta til Fitjar.

Sunnhordland skreiv denne veka om to avskilta bilar som har stått parkert ulovleg på Vabakken.

Bilane, ein Toyata Hiace og ein BMW stasjonsvogn, vart snarleg fjerna frå parkeringsplassen.

Men sjølv om eigaren av bilane har teke grep, er ikkje problemet løyst. Det er snarare flytta norover kommunegrensa.

Fitjarposten har nemleg fått fleire tips om at dei to bilane no er blitt parkert på parkeringsplassen ved Fitjar idrettsplass.

- Annonse -

– Det er ikkje greit at bilane berre vert dumpa her, seier ein av tipsarane.

- Annonse -
- Annonse -

Roberto Baltzer i Statens Vegvesen har sagt til Sunnhordland at det avskilta bilar er å rekne som ein personleg eigendel, og er difor ulovleg å lagre på offentlege parkeringsplassar.

- Annonse -