Foto: NIAID
- Annonse -

Ordførar Harald Rydland melder om at endå ein person har testa positivt for Covid-19 i Fitjar.

Etter ei roleg helg utan nye påviste smittetilfeller, kom det i kveld melding frå kriseleiinga i Fitjar om nytt smittetilfelle. Til saman har no 4 personar i kommunen testa positivt for koronaviruset.

Frå før hadde Fitjar tre smittetilfeller som hang saman. Desse sette kommunen i ein krevjande situasjon, sidan den første påvist smitta jobba på Fitjar bu- og behandlingssenter.

– Det nye tilfelle har ikkje tilknytning til dei 3 tidlegare smitta, opplyser ordførar Harald Rydland.

Han opplyser vidare at testing for koronasmitte vert i utgangspunktet berre utført på personar med tydelege symptom til korona, eller at dei arbeider i helsevesenet.

– Det går nokre dagar frå testen er teken til resultatet er klart.  Eksakt smittestatus er det difor vanskeleg å seia noko sikkert om.

- Annonse -