Arne Kjelsnes frå Fitjar deltek i opplæringa av 22 kinesiske ungdomar i alderen 17 til 22. Målet deira er å bli skihopparar under Beijing-OL i 2022. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Bedriftsrådgjevar Arne Kjelsnes frå Fitjar skal lære kinesarane korleis Norge klarar å produsere så mange OL-vinnarar.

Ein delegasjon med kinesiske idrettsungdomar har kome til Norge for å lære seg å bli skihopparar. Målet er å hoppe i OL i Beijing i 2022.

Sentral i deler av opplæringa er altså fitjarbu Arne Kjelsnes, som er busett i Lillehammer. Han skal lære dei 22 kinesiske ungdommar i alderen 17 til 22 år om den norske kulturen.

Svært oppdrag

Han seier det er fleire tema som er viktig i opplæringa av kinesarane.

– Det vil vere naturleg å setje lys på fleire tema i opplæringa, som norsk kultur, norske verdiar, dugnadsanden og ikkje minst norsk idrettskultur.

Arne Kjelsnes frå Fitjar underviser kinesiske ungdomar om dugnadsand og andre norske tradisjonar. Foto: privat

Det er Olympiatoppen og Norges Skiforbund som tek i mot delegasjonen på Lillehammer, og som har gitt Kjelsnes oppdraget.

- Annonse -

– Dette er forankra på eit høgt nivå, og er det sværaste oppdraget eg har hatt i mine 16-17 år som konsulent, seier fitjarbuen.

Store kulturforskjellar

Han fortel at OL i Beijing er eit prestisjearrangement for kinesarane. Det er bakgrunnen for at kinesarane er kome til Lillehammer for å bli skihopparar.

Og at det er store kulturforskjellar mellom dei to nasjonane er ikkje Kjelsnes i tvil om. Han har allereie observert at kinesarane klør seg i hovudet over korleis nordmenn klarar å produsere så mange OL-vinnarar, i eit så egalitært samfunn.

– Kinesarane blir overraska over den manglande elitetenkinga i Norge. Me er alle like, til dømes at alle barn skal få spele likt på fotballbanen, uansett om ein er god eller dårleg. Det seier kinesarane er manglande elitetenking. Likevel blir dei overraska over at Norge klarar å produsere folk som vinn gull.

Ikkje minst er den sterke dugnadsanden på norske idrettsarenaer noko som er framand for kinesarane.

– Dei har ikkje noko å relatere det til. Dugnad er heilt ukjent i Kina. Der er det det offentlege som tek seg av alt. I IL Solid er det kanskje éin som er tilsett, og masse foreldre som er med å jobbar, er oppmenn, trenarar og driv dugnad. Det som er sjølvsagt del av idrettslivet i Norge er heilt framand i Kina.

– Dette skal eg prøve og teikne og forklare til kinserane. Eit fantastisk spennande oppdrag, seier Kjelsnes.

Tek med seg erfaringar frå Fitjar-idretten

Han fortel at opplæringa byggjer på gode erfaringar han hadde saman med fitjarbuen og fotballtrenaren Per Svein Bukkholm i tidsrommet 1984-1987. Arne Kjelsnes som formann i fotballgruppa, og Per Svein som trenar for A-laget til Fitjar.

– Då var Fitjar verkeleg på topp fotballmessig. Me spelte i Stavanger og mange plassar, og var betre enn fleire av laga på Stord. Då var filosofien at me ikkje skulle bruke kreftar på å tenkje på kampen førre helg då me tapte 3-2. Får du gjort noko med det? Nei. Det er neste kamp som er viktig og ein kan få gjort noko med.

– Desse tankane har eg teke med meg i aller høgste grad, og nyttar dei då i ein Fitjar-tilnærming overfor kinesarane.

– Kva seier du dersom kinesarane slår dei norske hopparane i OL i 2022?

– Det hadde vore fantastisk. Då forstår eg at Fitjar-modellen fungerer utmerka.

- Annonse -