Sunnhordland tingrett.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Bilføraren i slutten av 20-åra frå Fitjar hadde teikna ulukkesforsikring for til saman 10 millionar kroner i fire ulike selskap.

27. juli 2016 sto denne notisen på trykk i papirutgåva til Sunnhordland:

Ein mannleg bilførar var natt til måndag sendt til Stord sjukehus etter å ha krasja i eit tre på fv. 545 ved Rydland. Årsaka til at mannen kom utanfor vegen og enda i treet skal vere at han måtte svinga vekk frå ein hjort om stod midt i vegen. (…) Føraren, ein mann i 20-åra, skal ikkje vera alvorleg skadd.

Men ulukka, som skjedde like etter midnatt 25. juli, var slett ikkje forårsaka av ein hjort.

Ville svindle til seg millionar

Statsadvokaten i Rogaland har no teke ut tiltale mot mannen for grov forsikringssvindel for å ha bløffa om ulukka for å få utbetalt millionar i forsikringspengar.

I tiltalen mot fitjarbuen står det at han i månadane etter ulukka sendte inn skademeldingar til fire forskjellige forsikringsselskap.

- Annonse -

Han hadde nemleg teikna ulukkesforsikring i selskapa Storebrand, Nemi, Troll (Komplett forsikring) og Sparebank 1 for ein verdi av 10 millionar kroner.

I skademeldinga oppgav han at hadde pådratt seg skadar i ei utforkøyring i ei bilulukke der han var bilførar, og at ulukka oppsto som ein unnamanøver grunna ein hjort i vegbanen.

Ingen hjort

Men i følgje statsadvokaten er det brakt på det reine at det aldri var snakk om nokon hjort, og at mannen køyrde ut av vegen av fri vilje.

– Det var ingen hjort der, og NN valte å køyre ut av vegen på grunn av personlege problem, skriv statsadvokaten.

No må mannen møte i retten, tiltalt for grov forsikringssvindel for å ha «gitt ei skadeoppgåve som stod i påtakeleg misforhold til skaden, eller på annan måte å ha gitt uriktig eller ufullstendig opplysning».

– Forsikringssvindelen er særleg grov fordi det blir lagt særleg vekt på det har ført til ein betydeleg økonomisk skade og fori det har eit planlagt og organisert preg, heiter det i tiltalen.

Grovt forsikringsbedrageri straffast med fengsel inntil 6 år.

Rettssaka mot mannen skal gå for Sunnhordland tingrett 18. februar.

- Annonse -