Ailin Vik, den første Fitjar-føraren og den første jenta som vinn vestlandsmeisterskapet i bilcross. Her saman med grunnleggjaren av Fitjar Racing Team, Ole Vidar Helland.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Under avslutninga av Vestlandsmeisterskapen i bilcross og rallycross i Vikedal søndag har Fitjar Racing Team fått heile tre vestlandsmeistrar.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Finalane i Vikedal er nettopp ferdige, og glade Fitjar-supporterar melder at Fitjar-førarane lukkast i å henta heim dei tre største pokalane.

Ailin Vik, Oliver André Matre og Håvard Helland gjekk alle tre til topps samanlagt i klassane sine.

Fitjar Racing Team har aldri før fått ein vestlandsmeister i bilcross, og det er derfor ein historisk dag når Ailin Vik går heilt til topps i juniorklassen. Dobbelt historisk er Ailin etter som ho er den første jenta som nokon gong går til topps i VM i bilcross.

- Annonse -

Oliver André Matre gjorde det ikkje dårlegare, og blei den første Fitjar-føraren som har vunne seniorklassen i VM i bilcross. Og som om ikkje dette var nok, gjekk Håvard Helland heilt til topp i rallycross, den største klassen, over 2400 ccm.

- Annonse -
- Annonse -

Me gratulerer dei tre vestlandsmeistrane med innsatsen, og ønskjer dei velkomne heim med dei store pokalane. Me kjem naturlegvis tilbake med referat frå den store dagen i Vikedal.

Ringreven Håvard Helland. Foto: FP-arkiv/KR.

- Annonse -