Wenche Tislevoll i debatten. Skjermdump NRK
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Vindkraft var tema på Debatten på NRK1 i går, og Wenche Tislevoll deltok.

Av: Ingrid Hovstad, Fitjarposten

– Alle veit jo at til slutt må me få energien vår frå vind, vatn og sol. So når me i Noreg har meir enn nok vind, kvifor ikkje kutte klimagassutsleppa og tena pengar samtidig, spør programleiar Fredrik Solvang.

Programmet i går fokuserte på vindmøllene på Frøya. Dei skulle etter planen byrja på bygginga på måndag, men demonstrantar hindra arbeidet.

Wenche Tislevoll møtte Astrid Aarhus Byrknes i starten av programmet. Aarhus Byrknes er ordførar i Lindås kommune, og sterkt i mot vindmøller i kommunen deira.

Wenche Tislevoll var det for å fortelja om korleis det var å få vindmøller i Fitjar for 5 år sidan. Ho fortalde at ho var stolt over Midtfjellet vindpark.

- Annonse -
- Annonse -

– Dei produsere nok straum til å kunna forsyna heile Sunnhordland, og gjev Fitjar kommune mange millionar kroner i året. Blant anna 11 millionar i eigedomsskatt, som går rett inn i kommunekassen, sa Tislevoll.

Tislevoll drog fram folkehelseperspektivet i debatten.

- Annonse -

– Det har sine fordelar, ca. 20 gangar fleire menneskjer er til fjells i Fitjar. Ein kan køyra opp 2,5 km, då starte ein 250 høgare. Då er det utgangspunkt for å gå i flott natur, eller gå på 30 km med veg. Open for sykling, rullestolar og barnevogner.

Men Tislevoll var tydeleg på at det er ein balanse mellom båndlagt og urørt natur.

– Ja me har båndlagt natur, men det er ein balanse i det. No har me bygga ut 1/4 av fjellet på Fitjar , nok er nok, me vil ikkje dobla det.

Begge damene la vekt på at det var viktig med lokal aksept. Om kommunane sjølv ikkje ynskjer vindkraft, bør det vega tungt.

Heile debatten kan du sjå her: Debatten 2.april om vindkraft

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -