Ordførar Wenche Tislevoll med brurparet Malene Løklingholm Leivestad og Morten Bauge Torland. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -

Fredag fekk ordførar Wenche Tislevoll sin elddåp då ho vigde Morten Bauge Torland (31) frå Fitjar og Malene Løklingholm Leivestad (23) frå Stord. 

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

– Det var ei fin vigsle, syntest det lukkelege ekteparet kort tid etter den første vigsla i kommunestyresalen på Fitjar rådhus.

Begge ektemakane er busette i Ålesund, og dei hadde køyrt heim i natt for å vera klare til vigsla, fortel Morten Torland. Litt sveitt i hendene vedgjekk han at han var medan han venta på at brura skulle koma. Ho kom naturlegvis i svigerfar, Magnar Torland, sin flaggpynta Volvo P1800 veteranbil.

Både far og son Torland liker bilar, og Morten hadde stilt opp veteranbilane då han fridde til Malene. Frieriet fann stad i naustet til Magnar på Kalveid. Om det gjorde utslaget skal vera usagt, men:

– Heldigvis svarte ho ja med ein gong! seier Morten og smiler.

- Annonse -

Høgtideleg og fin seremoni

På rådhustrappa blei brura teken imot av svigermor Jorunn Bauge Torland, og foreldra sine, Anne Britt og Even Leivestad. Oppe i kommunestyresalen venta om lag 20 bryllaupsgjester frå den nærmaste familie, saman med ordførar Wenche Tislevoll.

Til tonane frå Elvis Presley «Can`t help falling in love» blei brura ført inn til den høgtidelege seremonien av far sin, Even Leivestad. Ordføraren minte brurparet på det store alvoret i det løftet dei gir kvarandre på ein slik dag, og las diktet «Lyset» av Halldis Moren Vesaas.

Malene får ringen på fingeren. Foto: Kjetil Rydland.

Sjølv gifte Wenche Tislevoll seg på akkurat same datoen for 33 år sidan. – Og eg er framleis gift med same mann! sa ho og smilte.

Etter den høgtidelege seremonien i kommunestyresalen, tek brurparet gjestene med seg bort på Fitjar vidaregåande skue, der det blir kaffi og kaker. I slutten av juni blir det ei større feiring, fortel brudgommen. Då har dei leigd ein pub i England, og vil ha ei større feiring med rundt 35 gjester.

Fitjarposten gratulerer, og ønskjer det nye ekteparet lykke til.

Desse har borgarleg vigselsrett i Fitjar kommune:

Ordførar Wenche Tislevoll, varaordførar Agnar Aarskog og rådmann Atle Tornes. Vigselsretten følgjer funksjonen, så om kort tid er det den nye Fitjar-rådmannen Olaug Haugen ta over.

- Annonse -