Juleølet til ELØ fekk terningkast seks og gjekk til topps i VG si kåring. Foto: Jonas Sætre/Stord24/VG
- Annonse -

– Dette gjorde veldig godt, seier bryggerimeister Øystein Huus i En Liten Øl.

«Eit silkemjukt øl som er perfekt balansert. Ølet er fyldig og ikkje for søtt. Må serverast med riktig temperatur. Dette ølet må ein ha i jula.»

Slik er konklusjonen til VG sin juleøljury, som har testa nær 200 forskjellige juleøl som no er lansert på marknaden.

– Veldig godt

Av desse får En Liten Øl sitt juleøl «Ryolitt 2019» heile 96 av 100 moglege poeng, og går dermed heilt til topps i kåringa.

– Nei, dette var veldig kjekt, seier bryggerimeister Øystein Huus i En Liten Øl.

– Det gjorde veldig godt, spesielt med tanke på at dei andre som var på toppen er øl som du forventar at skal vere der. Då føler du at dette er ein kredibel test. Så eg er veldig nøgd med.

- Annonse -

Trass i at ølet danka ut nær 200 andre øl i testen, meiner bryggerimeisteren på Fitjar at dei har produsert eit juleøl som smakar endå betre.

– Personleg synest eg 2018-utgåva av Ryolitt smakar betre. Det er eit øl som har stått på romfat og er meir komplekst.

Vinn fleire testar

Det er ikkje første gong En Liten Øl vinn smakstestar. Eit av øla frå produsenten blei i 2017 kåra til publikumsfavoritt under ølfestivalen i Bergen. Huus seier det betyr mykje å få slike verdsetjingar.

– Dette er gode tillitserklæringar. Spesielt er det stas når det er publikum som avgjer. Men i slike testar som VG sin så får ein gjerne litt meir kred blant ølfolka og eliten som har ein sterk innflytelse.

Huus fortel at dei allereie har fått fleire bestillingar på vinnarølet etter at testen blei publisert tidlegare i november.

Satsar på Vinmonopolet

Samtidig gjer bryggerimeisteren det klart at dei no vil satse meir på sal av sterkøl på Vinmonopolet.

– Satsingsområdet vårt blir meir og meir spesialøl, som er dyrere og lage og dyrare å selje. Dette er øl av ein heilt annan kvalitet enn det ein finn i daglegvarebutikkane. Fokuset vårt til neste år er difor å bli kjøpt meir inn av Vinmonopolket.

– Butikkmarknaden er seig, og det er lite som har endra seg der i løpet av dei tre åra me har halde på. Det er små marginar og trangt om hylleplassen. Og så er det vanskeleg å lage godt øl som er svakt. Ved øl over fem prosent så kjem humla meir fram, seier Huus.

Tidlegare var ølet i basisutvalet til Vinmonopolet, men er no i tilleggsutvalet.

– Utfordringa med å vere i basisutvalet er at du må levere bestillingar ned til ei flaske så lenger me har ølen på lageret. Målet vårt, kanskje ikkje til neste år, men om to år, er å vere tilbake i basisutvalet. Men då treng me ein partner som kan distribuere ølet vårt.

Han fortel at det er omtrent 30-40 Vinmonopol som i dag sel ELØ. Polet på Stord er eitt av dei, der ein finn omtrent alle ølsortane dei produserer.

- Annonse -