Fitjar Mekaniske Verkstad. Foto: Fitjar Mek.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Verftsdirektør Hugo Strand reagerer sterkt på at Arbeidstilsynet uttalte seg i media om kritikkverdige forhold.

Det var i juni at Sunnhordland skreiv om alvorlege brot på arbeidsmiljølova hos Fitjar Mekaniske Verstad. Helsefarlege maskinar, usikra arbeid i høgda, og brot på reglane om innleige av utanlandske arbeidarar, er blant funna Arbeidstilsynet gjorde.

Tilsynsleiar i Arbeidstilsynet, Johannes B. Lægreid uttalte seg då til avisa, og sa mellom anna: «Dette er alvorlege funn. Ein del av funna er også ting som me har peika på tidlegare«.

Hugo Strand er verftsdirektør i Fitjar Mekaniske Verkstad.

Men at Arbeidstilsynet uttalte seg i media om saka fall ikkje i god jord hos verftsdirektør Hugo Strand. I eit brev til Arbeidstilsynet rettar han skarp kritikk mot etaten.

– Eg er forundra over Arbeidstilsynets offentlege opptreden i saka. Kva er motivet for å uttale seg slik i ein pågåande sak?

Redd for å tape opsjon hos Kystverket

Strand meiner medieoppslaga har vore så skadeleg at dei kan føre til økonomisk tap for skipsverftet.

- Annonse -
- Annonse -

– Arbeidstilsynet har i denne saka skada ryktet vårt og gitt oss ei konkurranseulempe, som kan gi eit negativt økonomisk utslag for oss.  Å bli hengt ut offentleg av Arbeidstlisynet før me har svart er ugreit. Tilsynet skadar konkurransekrafta vår, og i ytterste konsekvens set det norske arbeidsplassar og verdiskaping i fare.

Spesielt reagerer Strand på at dei kritikkverdige forholda er knytt opp til FVM sine byggeprosjekt for Kystverket.

– Me har ein opsjon i avtala med Kystverket, og Arbeidstilsynet sin offentlege opptreden i denne saka har gjort det vanskelegare for FVM å få realisert denne. Skulle det vise seg at Arbeidstilsynet i dette bidreg til at FMV ikkje oppnår opsjonen med Kystverket, kan det bli snakk om betydelege, negative økonomiske konsekvensar for FMV og våre tilsette, skriv Strand.

Får svar i løpet av hausten

Hugo Strand fortel til Fitjarposten at dei har brukt mykje tid og energi på Arbeidstilsynet sin rapport.

- Annonse -

– Me har forståelse for at dei må offentleggjere rapporten, men det blir ein sjølvforsterkande sak når Arbeidstilsynet uttalar seg offentleg, og begynner å rote i saka saman med Kystverket.

Strand fortel at han ventar svar i løpet av hausten om dei får opsjon på den neste båten frå Kystverket.

– Me driv og diskuterer med Kystverket, og me ventar på den endelege rapporten frå etter at dei var på eit varsla tilsyn hos oss. Summa summarum håper eg ikkje denne saka vil ordne seg.

– Vanleg å uttale seg i media

Arbeidstilsynet har svart på kritikken frå Hugo Strand eit brev frå august. Her gjer dei det klart at utgangspunktet er at alle saksdokument er opne for innsyn, og at det må vere ein særleg grunn til at Arbeidstilsynet kan unnta opplysningar eller dokument for innsyn.

Dei gjer det også klart at det er vanleg praksis for Arbeidstilsynet å uttale seg i media om slike saker.

– Arbeidstilsynet uttalar seg ofte i media, også om pågåande saker, skriv regiondirektør Borghild Lekve i Arbeidstilsynet.

Ho viser til at dei som regel ventar med å uttale seg i det offentlege før verksemda har gitt tilsvar, men meiner denne saka var såpass alvorleg at det kunne forsvarast.

– Tilsynet er generelt varsame med å uttale seg i saker der verksemda ikkje har gitt tilsvar. I denne saka var det gått eit halvt år sidan vedtaka om stans blei fatta. Stans på fleire maskinar på grunn av overhengande fare, må aleine sjåast på som alvorlege brot på arbeidsmiljølova.

- Annonse -