Båten er eit fellesprosjekt mellom Napier, Heimli og FMV. Frå venstre: Hugo Strand (FMV), Kjetil Tufteland (Napier), Asbjørn Vik (Heimli), Bjørn Apeland (Napier).
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Napier gler seg over å kome i gang med endå eit nybyggingsprosjekt på Fitjar og forsterke den offensive satsinga på prosessbåtar.

I fjor sommar teikna Fitjar Mekaniske Verkstad kontrakt med det Bømlo-baserte reiarlaget Napier for bygging av ein prosessbåt, med opsjon på endå ein båt.

Allereie no er det klart at opsjonen har materialisert seg i ein ny kontrakt på ein tilsvarande prosessbåt.

– Me er stolte av å få vera med på å bidra til vidareutvikling av ein av våre viktigaste næringar. Me ser fram til å halda fram med samarbeidet med både Napier og Heimli, skriv Fitjar Mekaniske Verkstad i ei pressemelding.

Glad for nysatsing

Den nye båten skal leverast i mai 2019, og vil vere nummer to i ein serie prosessbåtar i eit samartbeid mellom Napier, Fitjar Mekaniske og designselsakpet Heimli AS på Fitjar.

– Napier gler seg over å kome i gang med endå eit nybyggingsprosjekt på Fitjar og forsterke den offensive satsinga på prosessbåtar.

- Annonse -
- Annonse -

Napier meiner slike prosessbåtar som Fitjar Mekaniske no skal designe og bygge er meir framtidsretta enn tradisjonelle brønnbåtar som har vore mest vanleg i den norske oppdrettsnæringa.

- Annonse -

– Prosessbåtar har ein del fordelar samanlikna med brønnbåtar. Det er betre biologisk tryggleik, auka fiskevelferd og redusert tap som følgje av transport og ventemerd, og betydeleg lågare bygge- og driftskostnadar.

Vil bli fleire tilsette

Prosessbåten er designa slik at båten skal kunne lastast kvar dag, og vil vere utstyrt med eit eige blodreinseanlegg

Bømlo-reiarlaget fortel at dei er i vekst og kjem til å tilsette fleire framover.

– Me har per i dag 16 tilsette, men talet kjem til å stige betydeleg framover. Napier er aktive i marknaden og har fått betydeleg merksemd om satsinga si. Reiarlaget jobbar med ulike initiativ og har godt håp om at fleire skal realiserast i løpet av 2018.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -