Ståle Torsvik, Magne Hatlevik, Hugo Strand og Mons Ove Hauge skriv kontrakt om bygging av nødslaktefartøy.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fitjar Mekaniske Verksted skreiv i går kontrakt med Austevoll-selskapet Servicebåt As om bygging av eit nødslaktefartøy med eigenutvikla teknologi.

Servicebåt As fekk nyleg tildelt forskingsmidlar frå Regionale Forskningsfond Vest. Desse midlane saman med fleire avtaler om bruk av eit ferdig fartøy gjer at selskapet i år kunne signere kontrakt med Fitjar Mekaniske Verkstad (FMV) om bygging av eit nytt nødslaktefartøy.

Reiarlaget skriv at dei har hatt eit svært godt utviklingssamarbeid med Fitjar Mekaniske og Heimli Ship Design og ein har vore innom mange ulike størrelsar og løysingar før ein no har landa på eit svært effektivt design.

Fartøyet vil måle knappe 26 meter i lengde og ha ei breidde på knappe 10 meter. Det får ein lastekapasitet på 140 tonn fisk og kan dermed også nyttast til ordinært slaktefartøy med bløgging før fisken vert frakta ferdig kjølt til vidareforedlingsanlegg.

Fartøyet vert elles utrusta med kranar, vinsjar, slepekrok og ROV slik at det kan operere som fullverdig hjelpefartøy under ei fiskebehandling, samstundes som det pumpar opp eventuell fisk som vert skada i behandlinga.

All skada fisk som vert samla inn og avliva på rett måte, vert på den måten ein reell verdi for oppdrettar, heller enn ei ekstra fordyrande produksjonsutgift.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Det er svært inspirerande å sjå at ideane våre vert godt mottekne, og at både kundar og forskingsmiljø gjev oss tiltru til å ferdigstille det første nye fartøyet med denne løysinga om bord, seier styreleiar i Servicebåt AS, Mons-Ove Hauge.

Båten vil bli ferdig levert til sommaren 2019. Austevoll-reiarlaget vonar dette er starten på fleire slike kontraktar for verftet på Fitjar.

– Båten skal være klar til neste sommar og me trur at dette er berre starten på mange slike fartøy frametter og ser fram til utviklinga, seier Hauge.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -