Verftsdirektør Hugo Strand i Fitjar Mekaniske meier Arbeidstilsynet forskjellsbehandlar verftet. Foto: Fitjar Mekaniske/Håkon C. Hartvedt/Fitjarposten
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Fitjar Mekaniske har gjort ei straffbar handling. I staden for å politimelde dei gir me eit gebyr, seier seniorrådgjevar i Arbeidstilsynet, Bjørg Roska.

Slik det har blitt skrive om i mange medieoppslag, fann Arbeidstilsynet ei rekkje grove lovbrot på Fitjar Mekaniske då dei var på tilsyn i november 2017.

Sidan då har det vore ein lang prosess med pålegg og korrespodanse fram og tilbake mellom Arbeidstilsynet og Fitjar Mekaniske.

– Ikkje god nok kontroll på tryggleiken

Men no, godt over eit år etter tilsyna, får verftet kraftig smekk på pungen som følgje av lovbrota. Tilsynet har varsla at Fitjar Mekaniske kjem til få eit lovbrotsgebyr.

– Dei har fått mange pålegg, og mykje er gjennomført. Men no kjem dette i tillegg, på bakgrunn av at dei har gjort ei straffbar handling. I staden for å politimelde dei gir me eit gebyr, fortel seniorrådgjevar i arbeidstilsynet, Bjørg Roska.

– Kva går dei straffbare handlingane ut på?

- Annonse -
- Annonse -

– Bakgrunnen er tryggleiksmanglar på maskinane. Dei har ikkje god nok kontroll på tryggleiken, og mangla vernedelsek på maskinane. Det er noko me ser på som svært alvorleg.

– Fitjar Mekaniske har ein veldig gammal maskinpark. Men likevel har dei ein plikt til at maskinane er oppe til dagens standard når det gjeld sikring og bruk av vernedeksel, seier Roska.

Kan gi opptil 1,5 millionar i bot

Ho vil ikkje ut med størrelsen på lovbrotsgebyr dei vurderer å ilegge Fitjar Mekaniske.

– I og med at dette ikkje er eit endeleg vedtak så vil me ikkje opplyse om dette no. Vedtaket kjem i løpet av neste veke, då ser eg ikkje noko grunn til å unnta desse opplysningane.

Ho seier på generell basis at slike gebyr kan vere alt frå 50.000 kroner til opp mot nærare 1,5 million kroner.

– Grove tilfelle der det er brot på tryggleiken skal ikkje ligge under 100.000 kroner, seier Roska.

Kjenner seg forskjellsbehandla

I følgje verftsdirektør Hugo Strand er det snakk om «eit enormt lovbrotsgebyr». I eit svarbrev til Arbeidstilsynet går han hardt ut mot det han meiner er forskjellsbehandling av Fitjar Mekaniske i forhold til andre skipsverft.

- Annonse -

– Fitjar Mekaniske er sterkt kritisk til Arbeidstilsynet sin «kampanje» mot oss. I enkelte presseoppslag kan det synast at Arbeidstilsynet følgjer opp Fitjar Mekaniske langt hyppigare enn andre norsk verft, skriv han.

Hugo Strand utdjuper dette overfor Stord24.

– Eg ber arbeidstilsynet greie ut om kor ofte dei har vore på Fitjar Mekaniske i forhold til andre plassar. Me kjenner ein del andre skipsverft, så det er ikkje utan grunn me stiller dette spørsmålet.

Han fortel at han no vil prøve å få eit møte med Arbeidstilsynet før dei fattar endeleg vedtak i saka. Han reagerer sterkt på boten dei risikerer å få.

– Eg synest det er totalt urimeleg at dei vurderer å legge i oss ein sånn reaksjon når me har følgt pålegga og retta oss etter dei.

– Denne saka kjem ikkje me til å gi oss på. Me har hatt inne sjølvstendige HMS-ekspertar som har hjelpt oss når det gjeld risiko. Dei fortel at sakshandsaminga hos Arbeidstilsynet er noko heilt anna enn konkrete døme som er gjort nyleg på andre verft, seier Strand.

Har blitt strengare

Bjørg Roska i Arbeidstilsynet vil ikkje svare på skuldingane frå Strand, men påpeikar generelt at dei kjem med strengare sanskjonar mot slike lovbrot no enn tidlegare.

– Me har stramma inn på reaksjonsbruken vår. Me gir mange gebyr no, og det er mange bedrifter som reagerer på det. Tidlegare kom me inn og gav pålegg, og så skjedde det gjerne ikkje noko meir, og lovbrota fekk halde fram. Difor gir me no gebyr på gjentekne og grove lovbrot.

Ho seier lovbrota må vere grove for at dei skal kunna gi slike store gebyr.

– Det er veldig spesielle beviskrav i disse sakene, og det skal vere ein viss grovheit og klander for å ileggje eit slikt gebyr.

- Annonse -