Verftsdirektør Hugo Strand i Fitjar Mekaniske. Foto: Fitjar Mekaniske/Håkon C. Hartvedt/Fitjarposten
- Annonse -

Hjørnesteinsbedrifta i Fitjar omsette i 2018 for rekordhøge 638 millionar kroner. Likevel tapte selskapet store pengar.

– Me likar jo så klart ikkje å ha ei så høg omsetnad utan å tene pengar. Me er ikkje nøgd med dette, men me kan ikkje skulde på nokon andre enn oss sjølv, seier verftsdirektør Hugo Strand.

For første gong på mange år gjekk Fitjar Mekaniske Verkstad med underskot i 2018. Verftet enda opp med eit underskot (resultat før skatt) på minus 16,7 millionar kroner.

Dette trass i at fjoråret var eit år med særs mykje aktivitet for Fitjar-bedrifta, med ei omsetnad på heile 638 millionar kroner. Det er over 160 millionar kroner meir enn året før.

Har takla forsinkingar dårleg

Hugo Strand fortel at forsinka levering av skrog frå Polen er noko av årsaka til at fjoråret blei slik det blei.

– Det var tre nybygg til utrustning som ikkje blei levert i 2018 men som vart levert i år. Ein av dei blei utsett for brann i Polen, då fleire titals millionar gjekk tapt. Når dei først kjem inn til oss, så hopar det seg opp.

- Annonse -

Strand erkjenner at verkstaden ikkje har vore flinke nok til å planlegge for å ta i mot forsinka prosjekt når dei kjem på toppen av pågåande arbeid.

– Når me har mykje å gjere frå før, så blir det veldig vanskeleg med opphopingar. Me har ikkje takla alt dette like greitt. Blant anna har me ikkje klart å skaffe nok innreiingsfolk. Det har vore utruleg vanskeleg. Då blir heile nybygget forsinka.

Skyhøg lånegjeld

Verftsdirektøren trekkjer fram båtane Seihaust og Setus som døme på to prosjekt som vert over eit halvt år forsinka, og som dei no jobbar knallhardt for å bli ferdig med.

– Reiarlaga er naturleg nok utålmodige etter å kome i fiske.

Rekneskapstala viser også at Fitjar Mekaniske slit med svært høg lånegjeld. Selskapet skulda ved årsskiftet over 700 millionar kroner, der mesteparten, 681 millionar, er definert som kortsiktig gjeld. Det betyr at beløpet skal betalast innan eitt år.

Samtidig kjem det fram at selskapet hadde nesten like store uteståande fordringar, på til saman 641 millionar kroner.

Hugo Strand forklarar også dette med forsinka levering.

– Me lånar jo pengar til nybygg, og som regel betalar reiarlaga 70-80 prosent ved overlevering. Då får me jo eit stort opptrekk ved forsinkingar, med store utgifter i nybygg utan at me får inn sluttoppgjeret. Men hadde du sett på tala frå utgangen av januar hadde det sett mykje hyggelegare ut.

Ligg an til betring i 2019

Likevel vil ikkje Strand svartmåle fjoråret, og trekkjer fram fleire positive ting som skjedde.

– Det skjedde likevel ein del positive ting. Me fekk mange nybyggingskontraktar, me fekk auka arbeidsstokken med mange gode og erfarne folk, og så investerte me ein del i infrastruktur og designutvikling.

– Korleis ligg 2019 an?

– Det er ikkje noko som tyder på at me vil få eit sånt resultat som i fjor igjen. Me vil nok få ei endå større omsetnad, men det er ikkje noko mål for oss å ha så stor omsetnad som mogleg. Det me ønskjer er lønnsemd.

- Annonse -