Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -

To kvinner i 20-åra barka saman på Esso-stasjonen i Leirvik sentrum natt til laurdag. 

Det var i 03.30-tida at politiet fekk melding om valdsepisoden.

– Det var ei kvinne i 20-åra som hadde krangla med ei kvinne rundt same alder. Då politiet kom til staden hadde det blitt ein diskusjon med fleire partar, og den eine kvinna hade spent den andre kvinna i ansiktet, seier Andreas Frønsdal, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.

Kvinna som blei spent kjem frå Stavanger-området, og blei frakta til legevakta med ambulanse.

– Ho blødde frå nasa, men eg kjenner ikkje til kva skader ho pådrog seg, seier vaktsjefen.

Kvinna som sparka kjem frå Fitjar, og blei frakta til arresten i Haugesund.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Ho blei teke med til arresten og har blitt avhøyrt i dag. Så vil me følgje opp saka vidare.

Plagsam på legevakta

Det var ikkje den einaste personen frå Stord som måtte overnatte i arresten natt til søndag.

Det måtte også ein mann i 30-åra, som ikkje klarte å oppføre seg på legevakta på Stord.

– Det var ein kar som var full og dum og kranglete på legevakta. Han hadde vore der ein stund og var plagsam. Han blei køyrt til Haugesund for å sove ut rusen, seier Frønsdal.

- Annonse -