Agnar Aarskog (Ap) kastar handkledet inn og gir seg i politikken etter 24 år. Motivasjonen er blitt borte, seier han.. Foto: Kjetil Rydland/Fitjarposten
- Annonse -

Det vesle straumselskapet på Fitjar gjer som Finnås Kraftlag på Bømlo gjorde i fjor, og kvittar seg med aksjane sine i Sunnhordland Kraftlag (SKL).

Haugaland Kraft og Fitjar Kraftlag einige om å starte forhandlingar om ein intensjonsavtale om aksjebyte der ein ønskjer å konvertere Fitjar Kraftlag sin eigarpost i SKL til eigarskap i Haugaland Kraft. Det melder Haugaland Kraft i ei pressemelding.

Fitjar Kraftlag eig i dag 3,4 prosent av aksjane i SKL.

Ny eigar med kompetanse

– Haugaland Kraft vil med dette få inn ein ny eigar med kompetanse som er viktig for våre
forretningsområde og utvikling av eit stort regionalt selskap, seier konsernsjef i Haugaland Kraft, Olav Linga.

I fjor haust skjedde det ein tilsvarande byttehandel mellom Finnås Kraftlag på Bømlo og Haugaland Kraft. Det førte til at Haugaland Kraft for første gong vart majoritetseigar i SKL.

Med bytehandelen til Fitjar Kraftlag vil Haugaland Kraft ein endå større majoritetseigar av SKL, med totalt 53,3 prosent av aksjane.

- Annonse -

– Haugaland Kraft vil med denne transaksjonen styrke sitt eigarskap i Sunnhordland Kraftlag med mål om å utvikle Sunnhordland Kraftlag til eit sterkt nasjonalt selskap med regional tilknyting til Stord og Sunnhordland, seier Linga.

Tettare samarbeid

Fitjar Kraftlag er organisert som eit samvirkeføretak og har nett, produksjon, omsetnad og breiband organisert i eit og same selskap. Fitjar Kraftlag eig i tillegg aksjar i Midtfjellet Vindkraft AS.

Bytehandelen vil gjere at Fitjar Kraftlag og Haugaland Kraft kjem til å samarbeide tettare.

– Haugaland Kraft er eigar av regionalnettet i vårt område og ein naturleg samarbeidspartnar. I tillegg har det vore eit mangeårig tett samarbeid på leveranse av Altibox tenester, seier Agnar Aarskog, styreleiar i Fitjar Kraftlag

- Annonse -