Øyvind Halleraker er dagleg leiar i lobbyselskapet Hordfast AS. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Formannskapet i Fitjar vedtok i går å kjøpe aksjar selskapet som skal jobbe for raskast mogleg realisering av Hordfast.

Av: Harald Johan Sandvik, Fitjarposten

Selskapet Hordfast AS vart etablert av NHO i 2010, og føremålet er å vera pådrivar for bygging av ferjefri E39 i Hordaland. No ynskjer selskapet å få kommunane med på eigarsida, og tilbodet har gått ut til direkte og indirekte rørte kommunar på Haugalandet og i Hordaland.

Direkte rørte kommunar som Os, Fitjar, Tysnes og Stord får tilbod om fast styreplass. Kommunane får tilbod om å kjøpa fem aksjar kvar, med pålydande verdi kr 1.000 pr aksje, til ein teikningskurs på kr 20.000,-.

For Fitjar er dette eit svært aktuelt tiltak, og det var stor semje om kjøp av fem aksjar. I vedtaket var det lagt til at ordføraren skal representera kommunen i styrande organ i selskapet.

Tilsvarande sak skal truleg avgjerast i Stord kommune neste formannskapsmøte, i april.

- Annonse -

Øyvind Halleraker opplyser i eit brev til Stord kommune at næringsforeningane i vestlandsbyane Bergen, Stavanger, Haugesund og Stord, også har kome med ønskje om å bli medaksjonærar i Hordfast AS.

- Annonse -