Det er svært dyrt å søkje om byggeløyve i Fitjar. Foto: Håkon C. Hartvedt
- Annonse -

Medan Granvin kommune tek 4610 kroner i byggesaksgebyr, tek Fitjar komune heile 28.000 kroner for å gjere den same jobben.

Det er svært store forskjeller i kor mykje kommunane tek i gebyr for dei som leverer byggesøknader. I ein oversikt laga av Huseigarane sitt landsforbund kjem det fram at ingen kommunar i Hordaland tek så mykje i gebyr som Fitjar.

– Det er klart at når forskjellane er så store frå ein kommune til ein annan, så er det grunn til å stille spørsmål ved om mange kommunar tek seg for godt betalt. Det er kommunane sitt ansvar å sjå til at gebyrene berre dekkjer dei faktiske kostnadane, då det er det einaste dei har krav på, seier distriktsleiar Monica Bryner i Huseigarane sitt landsforbund.

Sjølvkostprinsippet inneber at kommunane ikkje kan krevje meir i gebyr enn kva det kostar å utføre tenesta. Bryner meiner lite openheit rundt korleis gebyret vert berekna gjer at det er vanskeleg å vite kva kvar enkelt kommune legg inn i byggesaksgebyret.

Wenche Tislevoll, Foto: Fitjar kommune

– Ikkje noko kjekt

Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll (H) er ikkje nøgd med at Fitjar på toppen i fylket.

– Det er ikkje noko kjekt å ligge høgast, og det er jo sjølvsagt noko me må jobbe for å kunna endre. Men me ser jo at me har blitt nødt til å auke gebyret for å kome i budsjett, sidan dette er eit sjølvkostområde.

- Annonse -

– Kvifor ligg Fitjar så høgt samanlikna med andre komunar?

– Det er ikkje så godt å seie. Det som blir sagt er jo at hos oss inngår alt i gebyret. Alt frå terrenginngrep, murar, utgraving og alt inngår i løyvet. Så det kan jo kanskje vere annleis i andre kommunar, der ein kanskje har delt dette meir opp.

Liten kommune

Tislevoll trur også Fitjar må ta høgare gebyr fordi dei er ein liten kommune.

– Det er jo ein gong slik at me er ein mindre kommune, og at me dermed får færre saker. Det vil nok gjere at kostnadane blir høgare. Samtidig har jo Granvin som er ein svært liten kommune dei lågaste gebyra, så det er ikkje så godt å seie kvifor det er slik.

Ordføraren meiner likevel at innbyggjarane i Fitjar ikkje treng å uroa seg over at kommunen bryt sjølvkostprinsippet og tek meir i gebyr enn kva det kostar å få utføre tenestene.

– Eg har full tillit til at dei som gjer denne berekninga hos oss gjer det på ein rett måte.

Fleire kommunar i Sunnhordland markerer seg ut blant å vere dei dyraste i Hordaland. Bømlo er den tredje dyraste kommunen, med eit gebyr på 19.700 kroner, Sveio hamnar like bak med 19.500 kroner, og Stord kjem på ein sjetteplass med 18.000 kroner i byggesaksgebyr.