Oliver A. Matre, Ailin Vik og Håvard Helland med kvar sin førstepremie etter løpa i Vikedal på søndag. Foto: Arild Vik.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Under andre runde i vestlandsmeisterskapet for bilcross og rallycross i dag vann Fitjar Racing Team alle klassane dei stilte opp i.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Fitjar Racing Team kan sjå tilbake på mange triumfar på motorbanar rundt om i landet, men aldri før har dei vunne alt dei har stilt opp i på ein og same dag. Men det skjedde altså under dagens løp i Vikedal, og det er ikkje rart at speakeren foreslo at 6. mai bør bli flaggdag i Fitjar! Fitjarførarar kunne jubla over førsteplassar både i bilcross junior og senior, og i rallycross.

Ailin Vik vann alle tre innleiingsheata i bilcross junior før ho stilte i 1. startspor i A-finalen. Her var ho like ustoppleg, og køyrte inn til sin første siger. Det høyrer med til soga at Ailin hadde bruk for ny bil etter som ho miste bilen sin på bud i Bergen i sesongopninga.

Men Ailin er ikkje rådlaus; ho tok førarkort for både bil og hengjar i april. Og førre fredag tok ho med seg to venninner og reiste over til Dokka for å kjøpa tilbake bilen ho miste i Bergen. Det enda med at ho kjøpte ein annan Opel, som ho tok med seg heim. Og det var tydelegvis eit godt val, for dagens resultat talar for seg. I dag sette ho endeleg alle gutane på plass!

I bilcross senior blei det mykje meir spenning, før Oliver André Matre sleit seg først over mål i A-finalen. Som vanleg når Oliver er ute og kappkøyrer, går det ikkje på skjener. Tekniske problem undervegs gjorde at han knapt kom seg vidare til finalane. Blant anna måtte ei bensinpumpe skiftast på vegen mot B-finalen.

- Annonse -
Ailin Vik sette alle gutane på plass i Vikedal.
- Annonse -
- Annonse -

Men med førsteplass i B-finalen var Oliver klar for A-finalen. Trass i at 3.-giret rauk, kjempa Oliver seg i mål som førstemann, etter å ha køyrt heile A-finalen i 2.-gir. Men det rauk og bråka stygt, og no treng visst motoren ei skikkeleg overhaling! seier Oliver til Fitjarposten.

Som om ikkje dette var nok, gjekk også Håvard Helland til topps blant «vestingane» i rallycross over 2400 kubikkcentimeter.

Kristina Sætre i Opel Ascona og Joakim Strand i VW boble med Volvo-motor sleit litt meir med å hevda seg. Men yngstemann frå Fitjar, Ole Lønning, har all grunn til å jubla. Han køyrde sitt første ordinære bilcrossløp, og fekk 12.-plassen etter å han blir nummer 2 i C-finalen.

Me gratulerer Fitjar Racing Team med strålande innsats – og ny flaggdag i Fitjar!

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -