- Annonse -

SSB publiserte fredag folketalet for 01.01.2019. Det konstaterer at Fitjar kommune ikkje lenger er ein småkommune.

Av: Ingrid Hovstad, Fitjarposten

– Med eit folketal på 3201, er Fitjar no i høve inntektssysytemet sine kriterium ein «sentral, mellomstor kommune», skriv ordførar Wenche Tislevoll på Fitjar kommune sine nettsider.

I 2018 vart det fødd 24 born på Fitjar, medan 10 personar døyde. Ein ser at fødselstala er lågare enn til dømes i 2017, då talet var 41.

110 personar flytta frå Fitjar, medan berre 103 flytta til.

Med andre ord vaks folketalet i Fitjar med 7 personar i 2018.

- Annonse -

Akkurat over 3200

Arkivfoto Fitjarposten

– Me hadde jo tatt høgde for at me skulle ha folkevekst, og vedtok ein økonomiplan for 2019-2022 der småkommunetilskotet fall bort, men dette var jo veldig tett, fortel Tislevoll.

Ho fortel vidare at ho er glad for den kontinuerlige folkeveksten.

– Me har hatt ein jamn og fin folkevekst i mange år no. So det var berre eit tidsspørsmål før me passerte 3200 innbyggjarar. Me er glad for kvar ekstra Fitjarbu me får!

- Annonse -