Dåfjorden klekkeri får ikkje utviklingsløyve. Foto: Dåfjorden klekkeri
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Me finn det ikkje sannsynleggjort at metoden vil kunna bidra til betre fiskevelferd og fiskehelse, skriv fiskeridepartementet i avslagsbrevet.

Den vesle verksemda Dåfjorden Klekkeri søkte Fiskeridirektoratet om utviklingsløyve for ein periode på sju år. Men departementet gav tommelen nei, fordi prosjektet ikkje oppfyller vilkåret om «betydeleg innovasjon».

Bedrifta søkte om eit prosjekt med ein fôrstasjon plassert i ein tradisjonell fiskemerd, der fôrstasjonen skulle gjere det mogleg å ta ut fisk frå merden til behandling under heile produksjonen, via eit utlaupsrøyr i botn.

Hensikten med konseptet er at fisk skal handsamast før lakselusen set seg fast på fisken, då fisken kan takast ut gjennom utlaupsrøyret når ein får varsel om lus.

Men departementet meiner altså at prosjektet ikkje er nyskapande nok til å gi løyve.

– Me finn det ikkje sannsynleggjort at metoden vil kunna bidra til betre fiskevelferd og fiskehelse. Trass i at det omsøkte konseptet har eit nyheitselement vurderer Fiskeridirektoratet at teknologien ikkje inneberer «betydeleg innovason», skriv departementet.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Dagleg leiar i verksemda, Reidar Aksnes, hadde ikkje høyrt om avslaget før han blei kontakta om saka av nettstaden Kyst.no.

– Eg har ikkje høyrt noko, så eg visste ikkje at me hadde fått avslag. Me er berre to personar i selskapet, så me er eit lite prosjekt.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -