Skulpturen "Fish woman" skal henge her, i kroken mellom kiosken og bassenget i kulturhuset. Foto: Jonas SætrE/Stord24
- Annonse -

Skulpturen «Fish Woman» skal hengast opp på veggen i kulturhuset, med munnen vendt mot bassenget.

Fiskedama har vore vore gøymt vekk i fleire år på eit lager, etter å ha skvulpa i kaikanten i Leirvik sentrum. Men no vert det snart nye tider for Inga Søreide sin skulptur «Fish Woman».

Det er Jonathan Zaneski som har hatt jobben med å restaurere skulpturen. No er han i mål, etter eit omfattande arbeid.

– Det var ein stor jobb å restaurere skulpturen, då det var mykje gipsmateriale som var gjennomsyra med vatn etter at den har vore å skvulpa i sjøen, seier Marit Tislevoll Odland (Ap), som er leiar i Styret for utsmykkingsfondet.

– No er skulpturen blitt vølt i samarbeid med kunstnaren og kunstkonsulenten og er klar til montering.

Skal peike veg mot svømmehallen

Ho fortel at det ikkje er lenge til skulpturen no skal moterast.

- Annonse -
- Annonse -

– Den skal monterast på ein vegg i kulturhuset, i kronen mellom kiosken og bassenget. Her skal den henga og peika veg inn mot svømmehallen.

«Fish Woman» var i fleire år plassert i sjøkanten i hamna på Leirvik.

Det er attføringsbedrifta Opero som har fått jobben med å montere skulpturen.

- Annonse -

– No er det dei som tek av seg jobben vidare. Kva tid den skal hengast opp har me ikkje fått heilt klarheit i, men det blir ikkje lenge til. Det blir veldig spennande, seier Odland.

Ho fortel at Utsmykkingsfondet har holdt seg innanfor budsjettet når det gjeld restaurerings, men at det blir noko ekstrautgifter på montering og lyssetting av skulpturen.

Skal vise offentleg kunst

Fiskedama er ikkje det einaste prosjektet Utsmykkingsfondet er engasjert med i kulturhuset. Laurdag skal det nemleg opne ei utstilling for alle verka som Utsmykkingsfondet eig.

– Desse har hengt rundt om kring i offentlege bygg i ganske mange år, og no skal dei visast fram for det offentlege. Så skal kunsten sirkulerast i nye offentlege bygg på Stord. Me vil vise fram kunst av mange lokale kunstnarar og andre kjende kunstnarar.

Utstillinga vil opne på laurdag og henge ei veke.

- Annonse -